Bøfjorden Sjøbruksmuseum
Hobby og leik
Søndag inviterer Bøfjorden Historielag til sin årlege hobbydag. Handarbeid, samlingar, kunst og gamle leikar dukkar opp.
Mange vil selje husflid og andre sjøllaga produkt. Andre stiller ut samlingar av ymse slag. Gamle barneleikar blir tekne fram. Korleis var det å «vippe jeppe» no igjen?
Johanna Halse (1870-1954) var ein pioner innan nordmørsk bunad- og vevkunst. Historielaget har fått eit flott åkle og to bordløparar ho har vove. Desse får no permanent plass på museet, og kunstnarinna blir omtala i søndagens program.
Nora på kjøkenet sørgjer for kaffe, pølser og brød heile dagen. Dette saman med loddsalg og medlemspengar er viktigaste inntektene til eit aktivt historielag utan fast offentleg stønad.
No mot slutten av sin 30. museumssommar vil styret understreke si store takksemd til dei som gir gåvekort og andre gevinstar til sesongutlodninga og - ikkje minst: Til alle som kjøper kaffe, lodd og medlemskort.