Bøfjorden historielag:

Forsamlinga på museumsdagane er både stor og rik på stoff å dele med andre. Og det vil styret ha meir av!

«Våre historier» på museet

Sjøbruksmuseet i Bøfjorden er god arena for historikk og gode forteljingar. Dette vil styret ha meir av!

– Folk rundt borda sit inne med massevis av underhaldande kunnskap om alt muleg, uttalar Bøfjorden Historielag, som no er i gang med sommarens temasøndagar.

– Difor oppfordrar vi alle som vil, til å bidra med sine innslag.

Komande søndags opne post «Våre historier» betyr at den som ønskjer det, kan fortelje – eller spørre. Historielaget sjøl har i bakhand spesielle hendingar frå jakt- og dyreliv, så vel som artige personportrett og skipshistorier.

– Det er kjekt om mange tek ordet og deler opplevingar og kunnskap med oss andre, seier arrangørane.

– Men det er sjølsagt inga plikt – her skal alle trivast over kaffekoffen uansett!

Sjøbruksmuseet har dørene opne i dobbel forstand heile sommaren. Kvar søndag er det tema – som også opnar for innslag frå salen.

……….

Powered by Labrador CMS