Styret i historielaget ønskjer vel møtt til ny sesong. «Aurora»-modellen, bombevengen og harpunrifla illustrerer ein variert sommar-meny. Frå venstre Inge Dønheim, Tore Sannes, Bernt Bøe, Kirsten Baadnæs Bøe og Gunnhild Vetleseter Bøe.

Sjøbruksmuseet opnar - og lovar ein variert sommarmeny

Etter to år med låg seglføring opnar Bøfjorden Sjøbruksmuseum sommarsesongen 2022 i frisk bør komande søndag, skriv Bøfjorden historielag i ei pressemelding.

Fram til september byr museet på kaffe og varierte søndagsprogram.

Bjørnehår og Dragsetvise

– Vi får ein bokstaveleg pangstart med dobbelbesøk av to som nyleg har vekt opp att den berykta Mannbjønnen frå 1700-talet!, seier styret i Bøfjorden Historielag.

– Historikar Jonny Lyngstad har grave fram masse arkivstoff – endatil heile «Dragsetvisa», nedskriven i 1777 i ei notisbok på Mo i Hemne.

Historikar Jonny Lyngstad har nye Mannbjønn-funn å presentere.

Jonny opptrer på museet saman med NRK-journalist Eirik Haukenes, som sørga for kjempesuksessen med bjørnedramaet frå Bøfjorden som fersk podcast på rikskanalen. Som utrøtteleg historiejeger vil Eirik fortelje om resultatet da han leita etter hår frå mannbjønnskinnet som låg i Halsa-kyrkja i 175 år. - Dei som trur at Mannbjønn-historia er uttømt, kan vente seg nye aha-opplevingar, seier historielaget.

Bjønnastøtta i Haugaskaret inspirerte Eirik Haukenes til å dokumentere Mannbjønnen med NRK-podcast.

Mange tema-idear

Slag i slag kjem ulike Dagens Tema gjennom sommaren. - Nytt av året er «Di historie», da publikum blir oppmoda om å fortelje sitt stoff eller delta i «spørretime» om spennande hendingar, seier leiar Bernt Bøe i historielaget. Han understrekar at folk i salen alltid har vore gode bidragsytarar på museet.

Frå temalista kan nemnast 125-årige Stangvik kyrkje, historikk om bilar og transport, gamle vegar og bruer, husflid og hobby. Det lokale senteret Åsskard (eller heitte det eigentleg Åsgard?) får også sin museumsdag.

Ein 300-årsjubilant frå lokal kunsthistorie blir henta fram. - Kanskje er han lite kjend her på fødestaden, seier leiaren. - Men bøfjordkunstnaren vart dess meir berømt elles på Nordmøre - og ikkje minst på Helgeland. Kven han var, får publikum først vite seinare på sommaren ...

Tilvekst

Samlingane på museet i Bøfjorden aukar stadig. Nye tilvekster blir å sjå etter kvart. Kva med vengen av den tyske flybomba som trefte dampen «Statsraad Riddervold» - utan å eksplodere - i april 1940? Eller Sverre Sjøflot sin prektige modell av legendariske «Aurora» - ei gåve som kom frå ein idealistisk gjevar nettopp denne veka?

Geir Settemsdal har montert varmepumper som sikrar velvere for både publikum, utstyr og kunstige båtfolk på museet.

Elles har museet med god hjelp av Geir Settemsdal no installert varmepumper som borgar for godt inneklima året rundt.

Styret ventar godt besøk denne første sommaren etter covid-pandemien. Maskinist Gunnar Strand lovar at den som kjem på opningsdagen, blir helsa velkomen av ein tøffande og nypussa Sabb-motor ved inngangen. Og frå kjøkenet duftar det kaffe!

Powered by Labrador CMS