Fullsatt museum
Gjestane ser ut til å trivast mellom båtskrog, skipsbilete, fiskekassar og skutemodellar

Rindalsbesøk på sjøbruksmuseet 

Rindalingar og bøfjordingar har i alle år utfylt kvarandre. Det var hyggeleg og lærerikt for oss «uti fjordå» da Rindal Pensjonistlag nyleg besøkte museet vårt.

Publisert Sist oppdatert

Etter ein fotokavalkade over lokalet sine 90 år (først 60 år som allbruks grendahus, deretter som Bøfjorden Sjøbruksmuseum) sørga historielaget for eit betimeleg matmål til gjestane. 

Fullsatt museumssal
Pensjonistlaget inntek dagens lunsj i maritimt miljø

Mellom husets utstillingar av sjøbruk - frå skipsbyggjarutstyr til kaggar og vadbein, frå skutemodellar til kleppfiskkassar - og med talande foto på veggane, dukka det fram gjensidige historier.

Vart overraska av floda ved Bøkleppen

Her bidrog gjestane rikeleg. Ann Grimsmo hadde høyrt om rindalingar på bytur som la båten sin under ei berghylle i le for landvinden, men ikkje tenkte på at sjøen fell og flør. Denne anekdoten har endatil Leif Halse med i ei av bøkene sine. 

Det skal ha skjedd attmed brattaste Bøkleppen. Da sjøen flødde slik at mastra på geitbåten tok oppunder berget, vart ein av rindalingane storleg fortenkt: 

- Nei, no ferstår e itt-nå. Enten så veks ho, mastra - ell så sig ´n, hammaren!

Bilde av berg og fjord
Hammaren «som seig» var visstnok dette framspringet fremst på Bøkleppen

Drakt frå filmen «Same Jakki»

Litt norsk filmhistorie høyrde også med. Frå suksessen «Same Jakki» (som representerte Norge i Cannes-festivalen 1957) har museet fått ei drakt i gåve. Den tilhøyrde aktør og konsulent Anders Pentha, som gav ho til sin venn og reiselivskollega Ole Flessen. Og han forærte museet dette klenodiet. Margret Meland stilte som «mannekeng» og måta på seg utstyret.

Dame i kofte
Margret Meland i drakt frå suksessfilmen «Same Jakki».

Mannbjønnen og Skyttar-Tølløv

Både bøfjordingar og rindalingar har eigarskap til ei av tidenes mest dramatiske dyrehistorier - om Mannbjønnen og Skyttar-Tølløv. 

Museumsvert Bernt Bøe tok kortversjonen: Bjønnen drap fem menneske rundt Bøfjorden i 1770-åra. Først (truleg) var det bonden i Trodalen, deretter to gjetarjenter (på Dragset og i Hennadalen), seinare ei gjetartaus på Kalset og ein gjetargut i Åkvika.

Sommaren 1776 vart den berømte jegeren Tølløv Pedersen (Perså) Folldal engasjert av Stangvik-offiseren Meldahl for å få endskap på dette forferdelege. Tølløv jakta rundt heile området, i følgje med skiftande mannskap. Historia fortel at han skaut Mannbjønnen oppmed Hjelmen.

Bjønnastøtta

150 år etter vart den såkalla Bjønnastøtta reist i Haugaskaret:
«Til minne om dei folk bjørnane* drap og om den djerve bjørneskyttaren Tølløv Person Foldal, som i åra 1775-1776 frelste desse bygdene frå rovdyrplagen og skaut Mannbjørnen, reiste ungdom av Aasskard, Halsa, Valsøyfjord denne steinen Anno 1926.» 

Støtte med inskripsjon
Bjønnastøtta vart reist ved 150-årsminnet for Mannbjønnens endelikt

At dei skreiv «bjørnane», skuldast manglande innsikt. Fagfolk har slege uttrykkeleg fast at det berre var ein, sinnsjuk, bjørn som drap dei fem menneska. Noko liknande har elles aldri skjedd i heile verda!

Tett på Skyttar-Tølløv

Gjestane frå Rindal utfylte historia med mange opplysningar om Tølløv. 

- Han var fødd i Folldalen i 1712 og vart gift med Ingeborg Kirkholt frå Romundstadbygda, visste Ragnhild Stavne Bolme.

- Blant dei fem borna var Ola - den berømte «Kårøyskyttaren».

Marit Bolme skaut inn at Tølløv den siste tida budde like ved heimen hennar - Bolmvollen, visstnok i eit eldhus her. Han døde i 1795, 83 år gammal. 

Det finst att både våpen og nokre andre tøler etter bjørneskyttaren. 

- Museet i Rindalen har ein kløvsal med bokstavane hans og årstalet, fortalte Ragnhild. 

Kløvsalen etter T(ølløv) P(eder)S(en) anno 1758 – som vi kan lesa. På denne frakta han nok mykje jaktutbytte!

- Den er visst komen frå Kirkholtgarden. (Bøfjorden Historielag har foto av den.)

Jostein - etterkomar av meisterskyttaren!

Og ein retteleg godbit for historieinteresserte bøfjordingar var det å treffe Jostein Grytbakk blant gjestane i pensjonistlaget: Jostein kunne fortelje at han på morsida er direkte etterkomar av sjølvaste Skyttar-Tølløv!

Mann og dame foran museumsgjenstander
Tett på Skyttar-Tølløv: Jostein Grytbakk er direkte etterkomar, Marit Bolme så å seie «nabo»

Historielaget tek gjerne imot besøk frå Rindalen (og andre stader) oftare. Dette vart ein gjevande føremiddag - kanskje gjensidig, til og med!

Powered by Labrador CMS