En kvinne står ved siden av en statue av hodet til Hans Hyldbakk
125-årsjubilant Hans Hyldbakk har mange beundrarar. Her søndagens kjøkenvert Randi Bøe – attmed Tore Bjørn Skjølsvik sin bauta over Kleivakongen.

Dobbelt profil-jubileum

Publisert

Alle veit om 125-årsjubileet for Kleivakongen Hans Hyldbakk (1898-2001). Men også jamaldringen og kulturpersonen Bjarne Megard er verdt å minnast.

Som tema vil museet i Bøfjorden søndag portrettere desse to jubilantane - med bilete, opplesing og livsskildringar.

Kjent og ukjent om Hyldbakk

Hyldbakk er stadig på alles lepper som «Vårsøg-diktaren». Men historielaget lovar å vise også ukjente trekk ved Kleivakongen.

Høyrt om radiotjuven Hyldbakk? At han vart arrestert av tyskerane? Om bokhandlaren som drog 50 mil – med kjelke?

En gammel mann i sort hvitt bilde
Medjubilant er Bjarne Megard (1898-1984). Tibarnsfaren, læraren og kulturkjempen i Bøfjorden kalla seg sjølv for «Pedagogjen» - i bestemt form!

«Pedagogjen» med forteljekunsten

Bjarne Megard var lærar (mest i Bøfjorden), familiefar, misjonsmann, kunstmålar, hobbydiktar og musikar. Ikkje minst er han hugsa som ein fantastisk forteljar.

Publikum får da også høre «Pedagogjen» personleg - via fargerike lydopptak med han.

Nora og Randi lovar at det som alltid blir kaffe og meir til å få kjøpt på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Plakat for et arrangement
Powered by Labrador CMS