Niande inntok museet
Bøfjord-dag er fast innslag når niande klasse i Surnadal avsluttar skuleåret. Da hører historietime på sjøbruksmuseet med. Slik også sist onsdag.
Dertil fekk Bøfjorden Sag besøk av dei to klassegruppene. Her var mykje å oppleva om ei bedrift som har funne sin særeigne plass i trelastindustrien og sysselset mange.
Avslutninga av dagen skjedde med mat og leik ved Røsslyngen 4H sin gapahuk i Mjøksanden.
Historikk på museet
Men før det var Bøfjorden Historielag vertskap på sjøbruksmuseet. Der sat fortida og forteljingane laust. Elevane viste imponerande interesse, og mange fekk prøve utstyr frå samlinga.
Alle testa kunnskapane sine i ein quiz, eller «haubrott», som eksamen. To av bordlaga klarte faktisk 24 rette av 24 delvis vanskelege spørsmål!
Historielaget har som uttrykt mål «å gjera levande og vidareformidle lokal historie og tradisjon». Kva er da betre målgruppe enn unge i konfirmasjonsalderen?
Hindenburg - og tysk bombe
Kanskje vil dei hugse litt og – om skipsbygging og om «Bøfjord»-mannskapet som vart heidra av rikspresident Hindenburg etter å ha berga tyske fiskarar under storm i Østersjøen. Om sandfraktinga til oppbygginga av Kristiansund etter krigen. Og om bomba som trefte dampbåten – utan å eksplodere: Styrevengen av denne bomba eig museet.
Sag, meieri og Mannbjønn
Oppgangssaga Zetumb Saug dreiv stort i «hollendertida» på 1600-talet. Og meieriet i Ådalen leverte smør til Newcastle for 120 år sia. Frå 1940 var det bureising i Settemsdalssletta.
Men aller mest inntrykk gjorde kanskje den forferdelege historia om Mannbjønnen som drap fem menneske i 1770-åra - før meisterskyttaren Tølløv fekk livet av han. Om det no var med sølvkule eller ikkje ...