Ni personer son sitter i en skråning i en vegkant.
Enno nedgrodd, men til Bøfjordhelga skal gamle «Klagemuren» gjenoppstå som historisk samlingspunkt, lovar komiteen. Frå venstre (framme) Ingebrigt Garthe, Bernt Bøe, Grethe Husby Settemsdal, Lars Arve Gravvold og Inge Dønheim. Bak frå venstre: Arnt Kjetil Bøe, Terje Endresen, May Iren Dønheim Hovde og Gunnhild Vetleseter Bøe.

Bøfjordhelga tek form

Fredag til søndag 12.-14. juli kan du besøke Bøfjordhelga 2024. Komiteen er i full sving med planene.

Publisert

Støtte til modernisering av Coop-en på Bølandet er målet med årets utgåve av den tradisjonsrike helga. Bygdefolket vil sikre framtida til Bua ved å modernisere den til hybridbutikk. Difor skal helga både vera reklame for saka og skaffe inntekter til omlegginga.

Frå programmet røpar komiteen alt no ein del postar.

Masse aktiviteter laurdag

Fredagen er det samling ved Leikarvollen og i Grendahuset – med fotball og quiz. Aller mest skjer laurdag 13. juli. Da blir det livleg trafikk med båtar og farty på Ilabukta og eit variert program rundt butikken. Blant anna får den legendariske samlingsplassen «Klagemuren» nytt liv - restaurert som sentrum for friske kulturinnslag. Besøk av «Bjørnis» er også forventa.

Marsj, veteranbilar og auksjon

Dagen opnar med folkemarsj langs Bølandet, der ein også satsar på utstilling av veterankjørety. Middag og kaffe blir å få kjøpt. Auksjon av spesielle eignating vil bli ei god inntektskjelde, og komiteen ønskjer tilbod og fine auksjonsvarer. Mykje liv skal prege kaiområdet, der laurdagen blir avslutta med pizza og trubadurmusikk.

Blåfjelløp og bacalaodag

Søndag 14. juli går årets Blåfjelløp frå Bøfjorden til Halsa. Deretter er det bacalao-dag på Sjøbruksmuseet. Den store helgautlodninga blir der avslutta med trekning. Denne søndagens tema på museet er naturleg nok lokal butikkhistorie gjennom 140 år.

Mykje er enno på tegnebrettet.

- Men sett av dagane 12.-14. juli til Bøfjordhelg! seier komiteen og poserer på «Klagemuren», som no skal stige fram i gammel prakt.

Powered by Labrador CMS