Prosjekt 17
Vårsongfest igjen
Søndag 28. april står songen i taket på Bøfjorden Grendahus. Kor og operagruppe inviterer til Vårsongfest.
Før koronapandemien skipla det meste, var huset stappfullt under dei årlege samlingane med operaperler, allsong, kor og kaffe. No håpar arrangørkoret Prosjekt 17 å gjenopplive den stemningsfulle tradisjonen.
Songarane Sigrid Vetleseter Bøe og Maria Moen Nohr og pianisten Hedda Hansen Berg, også kjende som ensemblet «triOpera», deltek med operaløyer i kjent stil. Med eit slikt trekkplaster er det venta mykje folk rundt kaffeborda.
Enno vil ikkje arrangørane røpe alle detaljar. Men Turid Røen Kroknes kjem – både som solist og leiar for Heimklang (tidlegare Halsa Demenskor).
Og P17 lovar både vårleg korsong og gjenhør med lokal kultur frå fjell og fjord i sceniske utdrag frå sin «Seterkabaret» og fjord-musikalen «Med segl og Wichmann».
Kaffekos og allsong hører med denne ettermiddagen. Og i staden for billett kan ein kjøpe lodd til inntekt for lokalt musikkliv. Og kanskje vinne?