Finpussar Bøfjordhelga

folk holder plakat og sitter på benk utenfor butikk
- Vi har mykje på plakaten! seier Gunnhild Vetleseter Bøe (fremst) og May Iren Dønheim Hovde på vegner av ein iherdig Bøfjordhelg-komite: Terje Endresen (bak frå venstre), Arnt Kjetil Bøe, Ingebrigt Garthe, Grethe Husby Settemsdal, Lars Arve Gravvold, Inge Dønheim og Randi Irene Bæverfjord.

- Vi har trua!

Komiteen for Bøfjordhelga 12.-14. juli finpussar no storsatsinga til inntekt for digitalisering av Coop-butikken – som allereie er ferdig!

Publisert Sist oppdatert

– Dette har vi trua på! seier gruppa og kan legge fram eit flott program. – Og hugs at det går loddsalg med flotte gevintar både på førehand og under heile helga!

Fotball og quiz

Bøfjordhelga går tre dagar til ende. Fredag 13. juli er det fotballkamp og salg av grillmat på Leikarvollen. Kanskje stiller også nokre oldboys til straffeskyting i pausen. Kvelden held fram med quiz på grendahuset.

Rikhaldig laurdag

Laurdag 14. er fullpakka. Vi nemner noko: Open brannstasjon på Settemsørane – med besøk av «Bjørnis». Buamarsjen derifrå til butikken går på land og sjø. Ein kan spasere i tog eller ro med kyrkjebåten «Hjelmkonnå» frå Øravorren, over Bøsundet og vidare til bua i Ilabukta.

Ved Kveldheim på Bø er det utstilling av veterankjørety. Lunsj får ein kjøpt inne i det tidlegare bedehuset. Ungane får høve til å ri ponny i området mot Børeiten. Det blir også «hestequiz».

Kunst og båtliv

Ved Saga (den gamle kassefabrikken på Ilaneset) har søstrene Tanja og Gjertrud Heggem kunstutstilling. Her er det også open kafe. Natursti ved butikken er eit av mange tilbod.

Ein reknar med – og inviterer til – yrande båtliv på Ilabukta. Frå Redningsselskapet kjem Elias-båt som ungane kan styre rundt i hamnebassenget. Ved Buakaia vil fleire farty gjenskape gamle dagar. Den restaurerte, tidlegare fiskeskøyta «Bjugnskjær» blir for høvet også musikkscene på laurdagskvelden.

mann i liten Elias-båt på vannet
Som i 2010 (biletet) og på mange fjorddagar seinare blir det Elias-kjøring i hamnebassenget.
trebåt ved brygge
«Bjugnskjær», eigar Robert Holberg, vil bidra til maritimt miljø på Ilabukta.

Klagemuren

Opning av den gamle «Klagemuren» er eit sentralt innslag om ettermiddagen. Muren ovafor samvirkelaget var samlingsstad i gamle dagar. Nyleg vart den rydda fram i dagen på nytt. Den får namneskilt, og det blir prolog med glimt frå fortida, song og revyinnslag.

barn med spader langs vegkang
Små og store deltok i dugnaden da Klagemuren vart graven fram att i vår.

Auksjon og pizzeria

Den påfølgjande auksjonen på kaia byr på mange flotte gjenstandar og blir eitt av dagens høgdepunkt. Inntektene her som elles går til den no gjennomførte digitaliseringa av Coop-butikken.

Laurdagen blir avslutta med pizzeria, pub og musikk på Buakaia.

folk sitter på benk ved brygge
Buakaia – idyllisk møtelokale (i godt ver) og sentral arena under Bøfjordhelga.

Blåfjelløp, bacalao og butikkhistorie

Søndagen startar med Blåfjelløpet frå Dragset til Halsa. På Bøfjorden Sjøbruksmuseum blir det så bacalao-middag og kaffe, kåseri om 140 års butikkhistorie og ikkje minst trekning av lotteriet som har pågått heile Bøfjordhelga 2024.

 

I tilfelle dårleg ver blir ein del av aktivitetane lagt til Bøfjorden grendahus.

Annonse:

Ein kan betale lodd på Coop sitt vippsnummer 580458. Trekninga skjer på museet søndag.

Powered by Labrador CMS