Bøfjordhelga
Feiande start
Med feiande fotball, feststemt publikum og spennande quiz starta Bøfjordhelga fredag kveld. Leikarvollen stadion og grendahuset var godt besøkt.
Vennskapskampen mellom aldersblanda lag frå Bøfjorden og Halsa/Valsøyfjorden i strålande sommarver vart ein flott start på kulturhelga. Heimelaget, ei effektiv blanding av veteranar i 50-åra og yngre talent ned til 16 år, hamla bra opp med gjestane.
At fotballinteresse og evner går i arv, kom tydeleg fram ved at to veteranar på banen begge hadde to barn med - forutan at far og sønn Henrik og Birk Blekken også deltok på Bøfjord-laget!
Den jamne og underhaldande kampen endte 4-2 til vertane, etter scoringar av Birk Blekken, John Heggem jr, Kjetil Rønning og Arthur Rosvoll Bøe.
I pausen var det straffekonkurranse for dei yngste. Den gjekk etter utslagsmetoden, og mange talent fekk vist seg. Fredrik Settemsdal vann – med mange scoringar av høgaste EM-klasse.
Etter fotballshowet heldt fredagskvelden fram med meir konkurranse - no som lag-quiz i eit fullsett Bøfjorden Grendahus.