ANNONSE:

Sildball – furkunnmat med tradisjonar.

Sildballdag i Bøfjorden

Sildballmiddag, sesongtrekning og levande musikk står på menyen når museet i Bøfjorden avsluttar sommarsesongen komande søndag.

- Folk har spurt etter både ball og musikk, seier styret i Bøfjorden Historielag. - Og dertil knyter det seg spenning til trekninga av sommarens utlodning.

Sildball var gamle dagars fattigmannsmat, men er herrekost i dag. Museet har hyra kokkeveteranen Einar Kjærvik som ballkokar denne gong.

Rause gjevarar har støtta laget med basargevinstar også i sommar. Trekninga er eitt av årets høgdepunkt. Styret understrekar at lodd- og kaffesalg gir viktigaste inntekta til drifta og takkar alle for støtte.

Inviterer: Leiar i Bøfjorden Historielag, Bernt Bøe, inviterer til middag, musikk og ikkje minst trekning av desse og andre fine gevinstar på sjøbruksmuseet søndag.
Ballmiddag: - Her skal det bli ball i grytene til søndags, lovar tilrådar Randi Bøe og sjefskokk Einar Kjærvik.
Taffelmusikk: «Hjemmelaget» er alltid populære gjester på sjøbruksmuseet. Dette tidlegare biletet viser nokre av dei vi får høre søndag. Frå venstre Espen Wilhelmsen, Tony Hopen, Peder Hønsvik og Alexey Kurbanov.

Avslutningsprogrammet blir også ein fin taffelkonsert. Den populære gruppa «Hjemmelaget» (trekkspel, keyboard, gitar, bass og slagverk) byr på danserytmer, tango og slagerlåter under maestro Peder Hønsvik.

Sildballtreffet avrundar den 28. sommaren med søndagsprogram på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Dei i alt 420 kulturdagane har hatt samla besøk på godt over 22 000.

.....

Powered by Labrador CMS