Bøfjordhelga

Museet ivaretek mykje utstyr frå butikkane i Bøfjorden, viser Augusta og morfar Bernt ved disken i Litlsalen.

Handel og vandel

Sjøbruksmuseet er arena for søndagens avslutning av Bøfjordhelga 2024. Bacalaomiddag og butikkhistorie står på menyen.

Publisert Sist oppdatert

Dagen startar med Blåfjelløpet frå Bøfjorden til Halsa - som ein høveleg, om enn uoffisiell del av kulturhelga.

Middag og kaffe

Serveringa på museet er samarbeid mellom Buakokkå med bacalomiddag og historielaget med kaffe og kaker.

Bord pådekket med Bacalao, flatbrød og saft i glass
Buakokkå serverer bacalaomiddag på dag tre av Bøfjordhelga

Handel og vandel

Når heile Bøfjordhelga går til inntekt for digitalisering av Coop-butikken, må sjølsagt søndagens tema på museet bli «Handel og vandel». Med lysbildekåseri gir historielaget tilbakeblikk på handelen i bygda sia 1800-talet.

Bøgeilen var første butikklokalet for Bøfjord Samvirkelag – frå 1948 til 1953. Her er styrar Ole Sjøflot saman med ekspeditør Åsta Staknes. (Arkiv Bøfjorden Historielag)
Orsetbua i Skrøvsetvika var knutepunkt i bygda i over 70 år. Her handlar siste kunde, Hermann Bekken (t.v.) på sjølve avslutningsdagen i 1973. Bak disken Valborg, Anton og Karen Orset.

Stikkordet vandel inneber både drama og artigheter knytt til dei 10-12 butikkane mellom Båtvika og Settemsdalen. Mest vil handle om Bøfjord Samvirkelag - dagens moderniserte Coop.

Trekning som høgdepunkt

Eit høgdepunkt på museet søndag blir trekninga i den store utlodninga som går over fleire dagar fram til da.

Oppsummering av ei helg med tallause tilbod og aktiviteter blir dagens finale.

Powered by Labrador CMS