Visestund på museet:
Per Aarsund gjestar Bøfjorden
Sjøbruksmuseet i Bøfjorden blir konsertarena søndag. Songartisten Per Aarsund frå Straumsnes framfører stoff frå sine tidlegare og komande album.
Per har gjeve ut eigne album i 2009 (Fri sjel) 2013 (Pil i hjertet), 2018 (Stormkast), 2019 (Hele veien fram), 2020 (Korona live) og 2022 (Visa om livet). Eit par utgåver til er på beddingen.
Artisten er framført i ulike radioprogram. Han opptrer både åleine (som no i Bøfjorden) og i samarbeid med ulike musikarar. - Eit høgdepunkt var da gitarlegenden James Burton deltok på nokre av mine låter, seier han.
Per er idealist og har gjeve mange konsertar til støtte for gode formål - kreftsaka, Leger uten grenser, Flyktningehjelpen og Røde Kors.
- Det er stort å spela for lyttarar i ulike samanhengar, seier han og framhevar særleg deltaking med si eiga vise om Fadime Sahindal på Fadimegalaen i Stockholm i 2016 og i Riksdagshuset der året etter.
Sitt særpreg beskriv trubaduren frå Straumsnes slik: - Eg skriv songar i sjangeren viserock, med nordmørske tekster om sjølve livet!
Og søndag ettermiddag gir han altså konsert på museet i Bøfjorden. Gratis!