Sesong-tjuvstart:

Kul-turistar på museet
Levande historie er lidenskap for mange. Som for gruppa Kul-Tur frå Uthaug på Fosen.
Torsdag besøkte dei Valsøyfjorden, Bøfjorden og Rindalen på jakt etter historiske godbitar. Vi møtte dei med sesongtjuvstart på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
- Vi var nettopp innom Geitbåtmuseet i Valsøyfjorden og er storleg imponerte over samlinga der, sa gruppeleiar Per Nesset da vi helsa dei velkomne til Bøfjorden. - Og her i bygda har de visst ei spesiell dyrehistorie å fortelje? spurte han.

Omvisning
Jau da - vi hadde ordna biletkåseri om «Mannbjønnen». Men først tok vi gjestane med rundt i museet – blant skipsbyggeutstyr, skutemodellar, bøkkertreiskap, fiskevegn av alle slag, fotografi og sjøsalte historier.
Her var skarvøkser og høvlar etter skipsingeniør Anders Kvande. Han var lærling i skipsbygging da galeas «Dyrafjeld» vart til på Nes i 1889 og vart seinare meister for havfiskedampar som «Bøfjord», «Skrøyfa», «Hjelmen» og «Blankisen».

Modellar og utstyr
Slofarten med skrei til kleppfiskberga vart knytt til skutemodellar av «Svanhild» og «Aurora». Fiskarstøvlene etter Pe Kutrøen og sildloddet hans Gammel-Edvard gjorde inntrykk på besøket. Særleg at sildbas Edvard presist kunne fastslå kor mange hektoliter sild det var i ei topp – ut frå kor tett ho nappa i loddstrengen!
Den enorme kaffekjelen frå «Bøfjord» og sølvsildfatet frå 1960 da «Veslegut» fiska mest storsild av alle, vart også lagt merke til.

Bombeveng og samedrakt
Ein forvridd bombeveng stammar frå det tyske flyet som bomba dampen «Riddervold» krigsvåren 1940.
Inntrykk gjorde også drakta som var med i suksessfilmen «Same Jakki» (1957) og som via gåvmilde kontaktar no er i museets eige - sjøl om den har lite med nordmørsk sjøbruk å gjera.

Rettsak om kyrkjebenken
Ei snart 250 år gammel benkdør frå korskyrkja i Stangvika vitna om statusforskjell blant kyrkjefolk: Denne benk 13 stod langt bak og var nok for småkårsfolk. Men dei trønderske Kul-turistane fekk også høre om da rikbonden i Austigard stemna Nordvik-folket for retten etter at dei ein søndag hadde «bemægtiget sig hans og hans Families Kirkestol i Stangvigs Kirke»!

Kaffe, bakels og «Mannbjønn»
Museet serverte kaffe og bakels på gjestane. Og attåt kaffen fekk dei ta til seg biletkåseriet om bjønnen som drap fem menneske i Bøfjord-traktene på 1770-talet før Skyttar-Tølløv fekk livet av han.
Om nokre dagar er det 250 år sia 13. mai 1775, da gjetarjenta på Dragset vart drepen av bamsen. Elles let vi detaljane om desse drapa ligge inntil vidare.
Men når niandeklassane kjem på sitt årlege besøk til museet i Bøfjorden, kan dramatikken frå Trodalen, Dragset, Hendadalen, Kalset og Åkvika dukke fram att.
Jubileum neste år
Og om ikkje før, så blir det sikkert Mannbjønn-markeringar neste år. Da fyller Bjønnastøtta hundre år - ho vart reist i 1926 ved 150-årsminnet for tragediane i 1770-åra og Tølløv Pedersen Foldalen, som etter folketradisjonen drap Mannbjønnen – med ei sølvkule!
Med både sjøliv og bjønn i tankane drog Kul-turistane vidare til Rindalen for oppleving av andre historier: Sikkert om berømte karar med ski under føtene og ymse anna..
Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar den ordinære sommarsesongen søndag 22. juni. Men historielaget tek imot besøksgrupper når som helst. Historielaget i fjordbygda tilbyr varierte tilbakeblikk på tider som var - først og fremst dei rike sjøbrukstradisjonane våre.