Bøfjordhelga:
Finale på museet
Søndagens program på Bøfjorden Sjøbruksmuseum avslutta ei stor kulturhelg. Bortimot 70 fylte salen.
Bacalaomiddag og kaffe fall i smak. Det gjorde også fotoserien om 180 års lokal butikkhistore. Trekninga på helgelotteriet skjedde også her.
Båtvika, Settem og Ora
Butikkhistoria starta i det gamle fjordsenteret Båtvika på 1840-talet. Der var hamna full av skuter frå inn- og utland. Hallstein Drøpping dreiv både handel og gjestgiveri.
Endre Hoås og Lars Vaagen var handelsmenn i Bøfjorden rundt 1890. Eit brødskrin etter Vaagen i Skrøvsetbakken er bevart på sjøbruksmuseet.
Johanna Staknes i Ora var eit firma for seg. Da ho laut gje opp butikken rundt 1910, starta ho som omvandrande bokhandlar og gjekk heilt til Halsa med ryggsekken full av bøker!
Orset-bua og Innergarden
Skrøvsetvika var sentrum for både handel, post og trafikk framover 1900-talet. Biletserien viste dampskipsanløp, glimt frå krigens tronge tider, av drivarane Hamnes, Sættem og Orset - og siste kunde 1. juli 1973, som var Hermann Bekken.
Frå både Orsetbua og Innergarden har museet mykje butikkutstyr i samlingane sine.
Aage og Gudrun Garthe starta handel på Innergarden ved Settem sist på 1930-talet. Frå 1952 dreiv Borghild og Odd Engdal denne butikken. I 1968 overtok Torbjørg og Edvard Settem overtok. Drifta deira (Bøfjorden Handel) tok slutt rundt 40 år seinare.
Peøra, Settemsdalen og nye tider
Handelen hos Olaf Ansnes på Peøra varte frå 1910 til utpå 40-talet. I Settemsdalen hadde Kåre og Erik Settemsdal landhandel frå 1952 til 1965, da Magne Bergheim fortsette eit par år.
Utviklinga frå rasjoneringskort etter krigen, med gradvis friare handel utover 1950-talet, vekte både undring og ettertanke hos eit publikum som i dag stort sett har fritt vareutvalg over alt. At kjøp av kaffe og sko var begrensa, virkar rart for oss.
Mest om samvirkelaget på Bø
Som innslag i ei Bøfjord-helg til inntekt for Coop-en måtte mykje av biletkåseriet dreie seg om utviklinga av Bøfjord Samvirkelag frå 1946 til no.
Det starta i Bøgeilen som bokstaveleg «ko-operasjon», altså dugnad, blant folket. I 1953 vart eige butikklokale bygd ved kaia i Ilabukta, som dermed vart det store knutepunktet på Bølandet. Modernisering skjedde gradvis, med påbygg på 1970-talet og utvida servicetilbod.
Røtene og framtida
Utkantbutikkar slit gjerne i konkurranse med matvarekjedene. For å bevare Coop-en har bøfjordingane satsa på digitalisering til døgnopen butikk.
Omlegginga er nettopp ferdig, og Bøfjordhelga 2024 var både eit finansieringstiltak og ei markering av at ko-operasjon i ordets rette forstand er framtidsretta samhandling.
Museumsprogrammet prøvde å illustrere mottoet for helga: «Med røter i historia og blikket mot framtida»!