Sjøbruksmuseet søndag:

folk på trapp utenfor dør, gammelt bilde
Bøfjord-elevane som i 1986 gjenskapte Missionsauktion på Heggem – on location.

Kulturtradisjon

Glimt av kultur og aktivt lagsliv heilt frå 1880-åra er tema for biletkåseriet på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert
svart hvitt portrett av mann
Idealisten Ole N. Aalmo var lærar i Bøfjorden 1884-1903 og skapte eit frodig lagsliv.

Læraren og idealisten Ole Aalmo (1861-1943) drog i gang mykje i bygda - Hjelmen Skytterlag, meieri, fråhaldslag, misjonsforeining og anna.

Gjensyn med elevprosjekt frå 1986

Sentralt i programmet står biletserien «Misjonsauksjon», som Bøfjord-elevar laga i 1986. Her vil mange kjenne seg att mesta 40 år seinare!

Lever vidare i dag

Mykje som blomstra opp i 1880-åra, pregar kulturlivet enno. Skyttarlaget (1888) er «i skuddet» som berre det. Like eins barnearbeidet «Amigos», ein ungdommeleg oppfølgjar av «Bøfjordens Missionsforening» frå 1884.

Aalmo inspirerte mange til aktivitet. Personar og hendingar stig fram frå gulna protokollar. Og kvinnene i ulike foreiningar får omtale – dei prega meir enn vi anar!

tre personer bak bord med rød duk
80-åringen Kristine (Molle) Heggem stilte som ekte tradisjonsberar i dramatiseringa. Elevane er Tanja (t.v.) og Elin.
dame holder handa i været
På oppropet «Gi bud!» var ikkje elevane tungbedne – slik som Åse Karin (t.h.)

Møteboka dramatisert

Med protokollen frå 1884 som manus laga skuleklassen 102 år seinare fotoseanse av den tids misjonsauksjon - og det «on location» i stua på Heggem. Dei digitaliserte lysbileta gir gjensyn med ein rik kulturtradisjon og med dyktige aktørar - no vaksne i 50-åra.

to personer ser på stor rød bok
Anita har fått tilslaget på heimvove ullty – ordrett frå møteboka. Jorid (t.h.) beundrar produktet.

Misjonsfolk, skyttarar og alle tradisjonsbevisste er målgruppe for søndagens program.

Og sjølsagt alle kaffetørste! Gunnvor og Inger på kjøkenet har hengt-på kjelen og ordna med smågodt til kaffen.

 

Powered by Labrador CMS