Bli  med: 

Damer og menn som ror båt med styrmann
Tore Høvedsmann styrte fullsett båt på Bøfjord-helga i sommar

Historisk kyrkjeroing

Søndagens jubileum for Halsa-kyrkja tilbyr deg ei unik oppleving på mange måtar: Ikkje minst historietur med kyrkjebåten «Hjelmkonnå».

Publisert Sist oppdatert

Båten gjenskaper - innkorta og forenkla - gamle tiders sjøreiser. Når «Hjelmkonnå» landar ved Halsanausta før søndagens historiske gudsteneste, er både Stangvik-prest Tønder og kyrkjesongar Lars (Kråkån) Stenersen om bord - begge rett nok i lånt skikkelse. 

Tidenes sjanse!

Høvedsmann Tore Sannes på «Hjelmkonnå» tilbyr tofteplass og årer til deg som vil vera del av dette historiske opplegget. - Verutsiktene er bra, så dette kan verkeleg bli tidenes sjanse til å få med seg alt som ein kyrkjedag inneheldt for 200-300 år sia, seier Tore.

Mann ved siden av en båt med navn 'Hjelmkonnå'
Tore Sannes tok initiativet til å få bygd kyrkjebåten i 2009 og har jobba utrøtteleg heile tida

- Det betyr messe på gammelmåten, «mødres kirkegang», samling på kyrkjebakken og endatil ein person i gapestokken!

Utfordrar Stor-Stangvikgjeldet

Bøfjorden Historielag, som eig «Hjelmkonnå», er støttespelar til kyrkjedagen.

- Heile Storstangvikgjeldet bør vera representert i båten, seier lagets leiar Bernt Bøe, som også skal spela kyrkjesongar Lars Kråkån.

- Tradisjonane med pinseroing til Stangvika tilseier at mange kan ha lyst til å koma sjøvegen til 300-årsjubilanten Halsa kyrkje denne dagen.

Fullsett har båten 14 roarar og skyt stor fart. - Vi treng ikkje lang tid frå Bølandet til Halsa, seier Tore Høvedsmann. - Blir vi færre, vurderer vi å slepe båten til Rø og derifrå ro siste biten.

Slik kanskje – ved avgang frå Ilabukta på Bø. Her på ein fjorddag for nokre år sia.

Talande fjordlandskap

Turen frå Bøfjorden til kyrkjestaden er ei naturoppleving langs vakkert fjordlandskap. Men her talar også historia. Husmannsplassane låg tett – drivne av markante personar. Eit trykt turhefte blir å finne om bord. Det fortel både om slit, eventyr og kunst. Ja – ved Mannbjønnberget var det nettopp kyrkjebåten som berga jenta som bamsen jaga på sjøen!

Mennesker ved siden av båt i naust
Kyrkjebåten og Hjelmkonnå-naustet har skapt eit unikt miljø – mest takka Tore Sannes (t.h.), som bokstaveleg tek hand om roret!

Meld deg på!

Uansett: Høvedsmannen og historielaget treng mannskap! Meld deg gjerne til Tore
(toresannes@hotmail.com.) eller Bernt (99710357). 

Talet på roarar, eventuelt vermeldingane, avgjer om det blir full tur frå Bø kl.7.30 eller ein kortare svipp frå Rø på Halsa kl. 9.

Dagen blir ei historieoppleving du neppe får att med det første!

Powered by Labrador CMS