ANNONSE:

Hobbydag i Bøfjorden

Søndag inviterer museet i Bøfjorden til sin årlege hobby- og aktivitetsdag.

Historielaget oppfordrar alle til å ta med eigne hobbysaker, samlingar og produkt - gjerne for salg. Strikkavarer og annan husflid til julegåver, lokal kunst og litteratur blir å finne.

Mykje husflid blir lagt fram. Biletet frå i fjor viser kunde (og årviss utstillar) Kirsten Baadnæs Bøe (t.v.) i samtale med Kari Bøklepp, Gunnvor Bøe og Grete Jonli (t.h.)

For dei yngste blir det aktiviteter inne og ute. Er veret bra, kan ein kaste skotthyll, hoppe rute og kanskje vippe jeppe utandørs. Inne har vi spel, tegnesaker og anna.

Alle vil finne noko å trøye seg med. Og kjøkenet har kaffe heile dagen.

Dette er sommarens nest siste museumsdag i Bøfjorden. Utlodninga til avslutningsdagen er enno open, og gevinstane blir stadig fleire.

Gjertrud Heggem stiller ut og sel eigen kunst i år som i fjor.
Powered by Labrador CMS