Hobbydagen i Bøfjorden:

Sólja, mor Marita og mormor Anne Berit med vakre produkt. Sólja er spesialist på spennande masker!

Vakkert og nyttig

- Så mykje flott folk skaper! Artig at dei endeleg får vise det fram!

Orda frå ein imponert gjest under søndagens lille hobbymesse i Bøfjorden seier noko vesentleg: Kreativiteten blant små og store i bygdene er mangfaldig. Husflid, handverk og kunst blomstrar. Iderikdom og variasjon er imponerande, kvaliteten til dels høg.

Sigrun Hesjehagen målar både porselen og rosekunst – som her på denne ølkanna

Nyttige gåver

Sjøl om det flotte uteveret nok hemma frammøtet på museet, bugna tilboda til julegåver og anna nyttig. Gunnvor, Else og Kirsten med lestar og vottar. Sigrun med prydeleg porselen, måleri og bondekunst. Marita og Anne Berit med flotte motiv på plater av ekte bølandsbjørk. 

Bord med strikka votter og sokker
Gunnvor Bøe selde mange lestar og vottar. Her vart det varmande julegåver til mange.

Søstrene Kunst

Her var måleri av søstrene Gjertrud Heggem og Tanja Grimsmo. Sistnemnte også med frodig oppkomme av dekorative juleprodukt. Og ikkje minst: Som kunstnarar står desse to fullt på høgde med mange vi oftare les om.

Randi Bøe (t.v.) er fascinert av kunsten til søstrene Gjertrud Heggem (sittande) og Tanja Grimsmo

Dei yngste

Også den yngre garde stod på. Ingrid, Vår og Einar selde nydelege bakarvarer ute i Litlsalen. - Vi tente godt med pengar og! bekrefta dei. Og Sólja stilte med spennande karnevalsmasker!

Unge bakarar bak disken: Einar (frå høgre), Vår og Ingrid har fått Inger Lise og Harald som kundar
Bord med Vafler, sjokoladekake og drikke
Også kjøkenet hadde gode produkt. Nora selde godsaker til kaffen

Hardbust og jeppe

Ute var det «hardbust» og «jeppe». For dei vaksne var dette nostalgisk gjensyn med barndoms tidtrøyte. For dei små kanskje første møte med klassiske barneleikar som historielaget gjerne vil friske opp att.

Hardbust (bøfjorddialekt for middelalderens skrekkvåpen «armbrøst») vart prøva under vaksent påsyn. Og jamen gjekk pilen på blink når avtrekkaren løyste den stramme snora! To-tre vaksne prøva seg også.

Bernt instruerer Lars Isak i bruk av armbrøst eller «hardbust», som det treffande heiter i Bøfjorden. I bakgrunnen Kristian Settem

Å «vippe jeppe» er ein variert og spennande leikekonkurranse med ulike reglar frå bygd til bygd. Utafor trappa fekk leiken ein kjapp renessanse denne dagen. Og reglar (da frå Rindalen) vart utdelt til publikum.

Dame står klar til å vippe pinne
Gjertrud Heggem med «alna», klar til å vippe «jeppen» (kvemsen) som ligg oppå «hullu». Bak: Lars Sjøflot – som dreiv denne sporten for snart 80 år sia
Imponerande: Kristian fangar kvemsen (jeppen) i lufta. Dermed får han og dei to andre på utelaget, Lars Isak og Harald, overta føringa.

Meisterverk av Johanna Halse

I husflids ånd viste museet fram sin nyaste tilvekst til utstillingane: Eit åkle og to løparar etter Johanna Halse (1870-1954) - Nordmøres fremste vevkunstnar i si tid. At ho fekk takkebrev frå daverande kronprins Olav for nordmørsteppet ho laga til hans og kronprinsesse Märtha sitt bryllaup i 1929, var eit artig apropos til bryllaupet i Geiranger denne helga.

Begeistring for Johanna Halse sin vevkunst. Kristian og Mali Settem, Nora Bøe og Gunnhild Vetleseter Bøe (delvis skjult) beundrar dei flotte bordløparane. Eit åkle av henne ser vi bak til venstre.

Påskjøning for trufast oppmøte

Under programmet fekk skipperveteran Peder Sæther ei påskjøning frå Bøfjorden Historielag for trufast oppmøte på sjøbruksmuseet så å seie kvar einaste sommarsøndag i mange år. Gåva var eit fat med måleri av DS Bøfjord – skuta som bestefaren Peder senior fekk bygd på Bølandet i 1914.

Altså mykje fint, nyttig og historisk var framme denne søndagen.

Powered by Labrador CMS