Magne Otterlei viser modellskroget til «Veslegut» i samtale med Einar Bøe (bestmann på båten i mange år), Jostein Foss og Peder Sæther. Bak til venstre Inge Dønheim.

Skuteprat over kaffekoppen

Snurpebåtar, frakteskuter og Lofoten-seglarar var mimretema på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert Sist oppdatert

Bidrag frå publikum særpregar museets søndagstreff. Temaet «Fraktefart» lokka sakkyndig besøk frå ulike kantar av Nordmøre.

«Veslegut»

Magne Otterlei frå Averøya stilte med påbegynt modell av snurparen «Veslegut» - på leit etter fakta om båten. Av bøfjordingar som var mannskap på «Veslegut», trefte han tidlegare bestmann Einar Bøe og fekk ein interessant prat ved kaffebordet.

Skuter og anekdoter

Historielagets biletserie med mange farty vekte gjensyn og vart livleg kommentert frå salen. Fisketransporten frå Lofoten til kleppfiskberga på Nordmøre gjekk med prektige skuter. Nokre av dei er restaurerte og seglar enno – «Dyrafjeld», «Svanhild» (begge bygde i Stangvik 1889) og «Anne Margrethe». Mangeårig skipper på sistnemnte, Inge Dønheim, bidrog med djup faginnsikt.

Jakt «Fosna» var bygd på Mellomverftet i Kristiansund i 1914 – som siste slofartskute i si tid.
«Ulf» (eigar Magnus Snekvik) lastar sand med trålpose på 1930-talet

Ramsalte anekdoter dukka opp, som denne etter Kristen Staknes da Solemsjekta kryssa Stadten i uver: - No må de ikkje bannast, kara. For her e det djuft!

Stadthavet kan vera friskt – både i anekdoten om «Solemsjekta» og her for Kristiansundsbåten «Gny».

Bengt Eriksson kjente att brygger og berg på dei fleste bileta. Andre hugsa frå gutedagane kor skummelt det var med overvatn innover dekket når sandskutene gjekk nylasta utover Surnadalsfjorden.

Frå trilleår og kaffesekk til grabb

Eit vesentleg innslag var jo sandfraktinga – gjerne med båtar frå nettopp Bøfjorden - til gjenoppbygginga av Kristiansund by etter krigen.

Utviklinga av lastemetodane var eit kapittel for seg – frå trillebår og hektolitermål via sandtråling med kaffesekker til moderne grabb. Her føyde Odd Asbjørn Bævre til at også lastebilar kjørte sand frå fjøra tippa den om bord i skutene.

Skuter med fargerik fortid

Ymse historikk knytte seg til båtane på lerretet. «Sluk I» var opprinneleg brannsløkkingsfarty i Kristiansund. «Surna» overlevde Titran-katastrofen i 1899. «Boy» var bruka av Max Manus til smugling av ammunisjon i motstandskampen under krigen.

Anna slags smugling var også framme. (Men NB: Ikkje med skuldige nordmøringar!) «Marnet II» vart aviskjendis i 1981 etter vodkatransport frå Spania. Og beslaglagde «Helmi» (med spritlast frå Estland) fekk ny framtid som ærleg sandfraktar på Surnadalsøra.

Sandfraktar (og bryllaupsbåt!) «Helmi» ved Surnadalsøra. Emballasjefabrikken i bakgrunnen

Her kom igjen innspel frå salen. – «Helmi» var bryllaupsbåten vår da vi gifta oss i 1962! kunne Nils Magnar Torvik fortelje.

Ilabukta på Bølandet har vore hamn for mange fraktefarty. Her med 8-9 kystgåande skuter rundt 1980.

Jau - det vart mykje fargerik sjøprat denne museumssøndagen. Ikkje minst takka vere eit eineståande kunnskapsrikt publikum!

Powered by Labrador CMS