Bøfjorden historielag:
Olsok og primstav på museet
Olsoktida er rik på tradisjonar. Søndag inviterer Bøfjorden Historielag til ettermiddagskaffe med «Olsok og primstav» på museet.
Primstaven var gamle dagars kalender. Her var alle årets merkedagar – gjerne helgenminne – inntegna. Og lova påbaud feiring!
Tradisjonar lever
Om mykje no er glømt, heng tradisjonar att – kanskje ubevisst. Vi brenner enno jonsokbål, rindalingane har årleg kyndelsmessbasar og ungane går tog på Lucia-dagen.
Olavs-tradisjonar også hos oss
Programmet i Bøfjorden søndag vandrar med sjumilssteg primstav-året rundt, men stansar ved særlege dagar. No ved olsoktider blir minnet om Heilag-Olav markert landet rundt. Kanskje var også Stangvika eit Olavs-senter? Og gjekk pilegrimsleia til Nidaros gjennom Lomunddalen?
Opplysning og oppleving
Historielaget bed folk bidra med opplysningar. Kunnskap blir repetert: Kva knyter seg til Trettanddagen? Når er den ideelle dagen å gifte seg på? Høyrt om «langfredagspåle»?
Ein biletserie og litt opplesing gir glimt av kva primstaven med olsok og andre merkedagar har hatt å seie opp gjennom tidene. Og enno har.