Ingrid med «gryta hennar mor» på omnen antydar søndagens tema

Mat og tradisjon

Tradisjonar er i endring - også når det gjeld mat. Har taco teke plassen frå havregraut og potetkake?

Publisert

Søndagens kåsør på Bøfjorden Sjøbruksmuseum, Ingrid Kristine Holten Sollid, har mange tankar om dette. 

Ho tek for seg gamle og nye trendar i matvegen. Naturen som sunt spiskammers blir eit viktig moment i programmet.

- Ikkje minst skal dette bli ein hyllest til formødrene våre, seier Ingrid. 

- Dei fortener stor ære for måten og kvaliteten dei har forvalta ofte små og begrensa ressursar på!

Ingrid håpar også at mange i salen kjem med innspel, eigne tankar og erfaringar som har med mat og kosthald å gjera.

Utan å blande seg inn i matforedraget lovar dessutan kjøkenfolket kaffe og velsmakande tilbehør også denne søndagen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

ANNONSE

Powered by Labrador CMS