Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Bengt Eriksson med eit av sine klenodier: Eit Delta belgkamera

Kamera-lidenskap

Bengt Gustav Eriksson er lidenskapeleg kamerasamlar. Søndag kåserer han og viser nokre av sine over 300 apparat på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Publisert Sist oppdatert

Heilt frå han fekk sitt første kamera som 15-åring, har fotografi, historie, teknologisk utvikling og industriell design av fotoapparat vore hans store hobby.

Samlinga på over 350 analoge kamera viser utvikling gjennom meir enn 120 år – frå 1870 til 1990-talet, da digitale apparat pressa dei analoge ut av markedet.

Litt av den fantastiske samling av apparat

Heime i Kristiansund har Bengt hyllene fulle i ein heil loftsetasje og på eit stort garasjeloft. Mest er det still-kamera, men også nokre gamle filmkameratypar.

Bøfjorden Historielag oppfordrar publikum til å ta med gamle fotoapparat til museet søndag. Sjansen er stor for at Eriksson veit eitt eller anna om nettopp ditt kamera!

Frå kjøkenluka sørgjer Elisif og Tor for kaffe og kaffemat pluss pølser og brød for den som ønskjer det.

Powered by Labrador CMS