Heimspråket på Sjøbruksmuseet
- Nordmøre har fantasisk talemål - i uttrykksfulle nyansar, meiner Bøfjorden Historielag. Søndag er «Heimspråket» tema på museet
Med utgangspunkt i lagets dialektsamling «Teft og tykkje» blir lyriske, teffsikre og artige nordmørsord gjenstand for kåseri og samtale.
Programleiar Bernt Bøe understrekar at lokalt talemål er langt meir enn komisk revy-språk.
- Visst har vi mange artige seiemåtar med humoristisk snert. Men viktigare er presisjonen, uttrykkskrafta og det lyrisk vakre i heimspråket vårt, meiner han og lovar å gi eksempel på dette,
Publikum er alltid rekna som ein stor ressurs på museumsdagane i Bøfjorden. Slik vil innspel frå salen gjera programmet ekstra levande.
Avslutningsvis blir det premiert bordkonkurranse, «haubrott», med nøtter frå lokalspråket.
Kjøkenet har kaffe på kjelen. Og sesongutlodninga er i full gang - med trekning på avslutningsdagen i haust.
- Men enno er det god plass på gevinstbordet, seier kasserar Kirsten Baadnæs Bøe og oppfordrar lag, bedrifter og private til å gi gåver til utlodninga.
- Utanom kaffesalg og medlemskontingent er loddsalget nemleg einaste inntekta historielaget har!
ANNONSE: