Tonar av mange slag:

Sigfred Gravvold, Oddmund Solem og Karen Oddny Husby Gravvold framfører variert musikk i programmet.

Folkeleg på museet

Museet i Bøfjorden kan brukast til det meste. Søndag blir det i dobbel forstand «folkeleg» song og musikk.

Publisert Sist oppdatert

Trekkspel, duettar, kveding og folketonehistorie(r) fyller programmet. Hovudaktørar er songarane Runa Kvalsund, Karen Oddny og Sigfred Gravvold og musikaren Oddmund Solem. Bernt Bøe bind det heile saman verbalt og lovar både humor og alvor.

Kristian Halse – ei kulturkjempe

Mykje handlar om folketonesamlaren Kristian Halse (1858-1939). Læraren og familiefaren frå Halsa og Todalen har etterlate seg ein enorm skatt av melodiar og arrangement. Med hjelp av aktørane og Halse-slektningar vil Bøfjorden Historielag vise litt av kva kulturkjempe han var.

Sønnesønnen Kolbjørn Halse på Averøya opplyser at notematerialet etter Kristian no er digitalisert og såleis bevart for ettertida.

Læraren, organisten, folketonesamlaren og komponisten Kristian Halse (1858-1939) får brei omtale

Kristian Halse og den meir kjende Edvard Bræin er dei store samlarane av nordmørsk folkemusikk. Perler frå denne skattkista blir å høre på sjøbruksmuseet saman med annan god musikk komande søndag.

Halse gav ut mange slike samlingar med eigne komposisjonar og arrangement – mest for kor.

Blant sønnene til Kristian Halse var Leif (far til «Vangsgutane»), Olav (organist og kunstmålar) og Kollbjørn (fiolinist og spelemann).

Runa – kulturjournalist og meir til

Runa Kvalsund (37) kallar seg «folkesongar» og framfører gjerne tradisjonsmusikk frå Trøndelag og Nordmøre. Ho har vore journalist i avisa Klassekampen og redaktør i Det Norske Samlaget.

Kulturjournalist, oversettar og folkesongar Runa Kvalsund (37) gjestar Bøfjorden

Ho er dertil ein skatta omsetjar av tysk, svensk og dansk litteratur og vart i 2021 nominert til Kulturdepartementets pris for beste omsetjing av barne- og ungdomslitteratur (romanen Vulkan av Oscar Kroon). Runa komponerer ein del og studerer folkesong ved Musikkhøgskulen i Oslo.

Ho har dukka litt ned i Halse-samlinga og vil på museet søndag synge litt derifrå: - Det blir både visesong og salmetonar, seier ho.

KOS - og ei overrasking? 

Trioen Karen Oddny, Oddmund og Sigfred (KOS) har gjesta kyrkjer, forsamlingshus og sjøbruksmuseet ved fleire høve. Ikkje minst held dei populære musikkstunder kvar månad på Surnadal Sjukeheim. Dei er allsidige – med duettsong, solo folketonar og trekkspelmusikk. Som komponst og solist har Oddmund gjeve ut plata «Av og med Oddmund». Og han lagar stadig nye stykke. Er vi heldige denne søndagen, får vi kanskje ei nyoppføring på kjøpet.

Det ryktast nemleg at Oddmund via far Bjarne Solem har funne att den halvglømde slåtten «Steinutgarden». Den er komponert av onkelen Erling, som var aktiv med fela i både Hjelmen, Sunndal og Nordmøre Spelemannslag i si tid.

Og viss same ryktet talar sant, er denne «steinutgarden» rett og slett den no restaurerte «Klagemuren» attmed bua på Bølandet! No er altså både muren og den tilhørande slåtten gravne fram att!

Powered by Labrador CMS