Fjell og fjord på museet
Naturoppleving, åstader og terrengnamn står på søndagens museumsplakat i Bøfjorden. Mest fjell, men også litt fjord.
Flotte bilete frå storslått landskap fyller lerretet. Her vil trimopplegget «Turar i Bøfjorden» utfalde seg på mange vis: Stimulans til å koma seg ut. Gjensyn med «åstader» for liv og drama. Terrengnamn som fortel mangt.
Ønskjer innspel
Også for den som av ymse grunnar ikkje kjem seg til sjøs eller til fjells, vil sikkert bileta gi gjensynsglede rundt kaffebordet.
Arrangøren ønskjer kommentarar til namn og stader i terrenget. Kvifor «Åbitshaugen» og «Håkkåsteinen»? Kva drift var det på Hjelmkona? Kvar finn du «Kobben»? Og: Står den grøne fyrlykta eigentleg på Tangneset, slik Kartverket påstår?
Naturoppleving til kaffen
Opplevingar av ymse slag vil krydre biletkåseriet «Frå fjell til fjord». Du får sikkert lyst til å bli kjent i nordmørsk landskap - anten ved eiga vandring eller som her, frå kaffebordet.
Og kaffen, pølsene og tilbehøret er det Mayse og Gunhild som serverer denne søndagen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.