Bøfjorden Historielag:

fire folk holder i ting fra museum
Fire frå komande styre: Bernt Bøe (frå venstre), Tore Sannes, Mayse Dønheim Hovde og Kristian Settem. Dei to andre, Inge Dønheim og Gunnhild V. Bøe var ikkje om bord da Randi Bøe knipsa dette biletet.

Årsmøte og ny påmønstring

30-årsjubilanten Bøfjorden Historielag avvikla årsmøte torsdag. Med tilbakeblikk på ferda fram til no, mønstring av nye folk på skuta og utstikking av ny sommarkurs vart det ei kreativ stund på grendahuset Kveldheim.

Publisert Sist oppdatert

Serien med biletglimt frå 30 aktive år dokumenterte 470 sommarsøndagar med foredrag til ettermiddagskaffen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Sjøl om bygda har berre 300 innbyggjarar, har i snitt over 50 besøkt museet desse søndagane. Samla tilsvarar det ei bybefolkning på ca. 24.000 – forutan gjestande skuleklassar, lag og foreiningar.

folk i en sal, en i midten med laptop
I biletserien dukka 1300-talet med garden Drifasætre og husfrøya Gyrid fram.

Drift av kyrkjebåten Hjelmkonnå, produksjon av turopplegg, årbok, dialekthefte og lokal eventyrsamling forutan årleg utdeling av eigen kulturpris er blant sentrale tiltak attåt museumsdrifta.

Heile Nordmøre som nedslagsfelt

dame holder ark
Sekretær Gunnhild leia årsmøtet.

Sekretær Gunnhild Vetleseter Bøe la fram årsmelding for 2024, og kasserar Kirsten Baadnæs Bøe hadde rekneskapen klar. Alt vart godkjent av dei frammøtte.

Kommentarar frå salen framheva verdien av temadagane på museet og uttrykte glede over årboka Gamle Nordmør. 

– Både interessant og økonomisk smart å ha heile Nordmøre som stoffområde og kundekrets, sa Inger Lise Heggem. 

– Og utflytta nordmøringar set pris på å få årboka til jul, føydde Ragnhild Skrøvset til.

Nye folk på dekk

Under valget kom May Iren Dønheim Hovde og Kristian Settem inn som nytt mannskap.

Styret for neste år vart konstituert slik: 

Bernt Bøe - leiar og fungerande sekretær
Tore Sannes - nestleiar
May Iren Dønheim Hovde - kasserar
Kristian Settem - styremedlem
Inge Dønheim - styremedlem
Gunnhild Vetleseter Bøe - varamedlem

I andre ikkje-valde verv blir noverande medhjelparar bedne om å halde fram. Like eins folk til kjøkenluka – der fleire meldte seg på alt denne kvelden.

Klar til avgang 2025

Under møtet kom det fram mange idear til Dagens Tema på sommarens museumsdagar – både muntre og alvorlege. Latter og dialektkultur så vel som tragiske skipsforlis, gardshistorie og folkelivsskildring, byggeteknikk, slagermusikk og eit 250 år gammalt dyredrama kjem på plakaten.

Så no er Bøfjord-skuta bemanna og klar til ny seglas – som kulturberar med sjøbruk og lokal historie om bord!

unge og gamle med frakk
Eit sommartema i 2024 galdt den gamle konfeksjonsfabrikken Settemsdal AS.
ungdomsgutter rundt bord
Niandeklasse-besøk opna 2024-sesongen på museet. Her er det historiequiz.
Powered by Labrador CMS