Bøfjorden Barnehage held fram med friluftsliv som prosjekt

Publisert

Utfordringar i kø denne etterjulsvinteren, noko som har bremsa litt fleire av barnehagens mål innen friluftslivprosjektet.Korona og stort sykefravær har gjort ting vanskeleg å gjennomføre. Men no har hjula begynnt å rulle igjen. I haust blei det planlagt skiaktivitet og tur både i og utenfor løype. Ein dag der alle barna i barnehagen blei levert og henta på skisenteret på nordmarka! Den blei gjennomført og lagra i minnet som ein svært fin og utviklende dag for alle. Dei eldste gjekk mykje på ski, og barnehagen hadde camp der vi åt alle måltid og hang opp hengekøyer som alle dei som trengte kunne kvile i. Dei yngste sov godt i hengekøyene etter mange sanseinntrykk og frisk luft heile dagen.

Tur til Sollislettet i strålende sol

Ein anna tur som barnehagen og skulle prøve gjennomføre med dei eldste var tur i Sollislettet mellom Blåfjellet og Hjelmen. Denne turen såg det lenge ut til at ein berre måtte gje opp. Men forrige torsdag blei turen realitet.

I strålende sol, mange varmegrader og silkeføre drog gjengen med 4-6åringar saman med to vaksne innover. Bøfjorden IL har ein gapahuk inne på kjølen som skulle nås. Vel inne ved gapahuken "flytta gjengen inn" Her blei det tid til lunsj fra sekken og leik i etterkant. Fine slake bakkar fikk dei fleste til å bli motivert for meir skiaktivitet. Ideen om å renne over på Hjelmsida blei applaudert. Og slik blei det. Lenge blei bakkane på Hjelmsida bruka.

Kan vel ikkje komme nermare "viddefølelsen" i nærmiljøet. Mange erfaringar rikare tilbake i barnehagen denne dagen!

Powered by Labrador CMS