Mia Settemsdal har proffkontrakt med Molde Fotballklubb

Ambisiøs og jordnær fotballspelar

Heilt sia Åsskardingen Mia Settemsdal (19) spela sin første fotballkamp for Bøfjord/Bæverfjord (B/B) sitt miniputtlag i 2010 har ho hatt ambisjonar om å bli proffspelar.

Publisert Sist oppdatert

Hard og målretta trening har gjort at Mia i dag har proffkontrakt med Molde Fotballklubb (MFK) sitt damelag i 2. divisjon. Med fem kampar att å spele, ligg MFK på topp 7 poeng framfor KFUM på andre plass. Så Mia og MFK har eit særs godt utgangspunkt for å rykke opp til nest øvste nivå i norsk damefotball denne hausten. 

Da vi slo av ein liten prat med Mia seint søndag ettermiddag, hadde ho akkurat kome heim frå kamp i Krokelvdalen utanfor Tromsø, der dei hadde spela bortekamp mot Krokelvdalen laurdag. Kampen vann MFK 4 – 0.

Mia starta som sagt fotballkarrieren sin på B/B sitt miniputtlag i 2010. I 2016 vart ho ein del av J12-laget til Surnadal. Etter 4 år i jente- og damefotballen i Surnadal, gjekk turen til Kristiansund for å gå på skule og spele fotball for Kristiansund Ballklubb (KBK). 

Førjulsvinteren 2022 fekk Mia tilbod om å trene med MFK sitt damelag, og frå 1. januar 2023 vart ho ein del av damelaget deira. I juni 2024 fekk Mia proffkontrakt med MFK. Ein proffkontrakt i damefotballen er dessverre ikkje det mest lukrative økonomisk sett, så Mia må i tillegg arbeide tilnærma full stilling som vikar i barnehage. Så forskjellen mellom ein mannleg og ein kvinneleg fotballproff økonomisk sett er enormt store, sjølv om tida dei bruker på trening og kamp er tilnærma det same. 

Men Mia trivst både som MFK-spelar, med arbeidet sitt i barnehagen og med å bo i Molde by, så ho klagar slett ikkje. Ho har framleis ambisjonar for sin fotballkarriere, og hovudfokuset akkurat no er å klare opprykket til førstedivisjon med MFK.

Mia Settemsdal er ambisiøs og jordnær

Mia sin kontrakt med MFK går ut neste sommar, men ho håpar å kunne forlenge denne neste år. Men Mia er jordnær og realistisk, så ho er fullstendig klar over at konkurransen om å få kontrakt med MFK er stor, og at eit eventuelt opprykk vil krevje enda meir av kvar enkelt spelar, både trenings- og ferdigheits messig. 

Med berre ein til to fridagar i veka frå arbeid, trening og kamp blir det lite tid for Mia til å reise heim til Åsskard for å besøke familien sin. 

– Dei gjev meg likevel god støtte og kjem ofte til Molde og Aker stadion for å sjå kampane våre, seier Mia

Da ønsker vi Mia og MFK lykke til i resten av sesongen, og vi kjem heilt sikkert att med ei lita oppsummering av sesongen når den er over. 

Powered by Labrador CMS