Snøscooterdag i regn
Rindal Bil- og Landbrukssenter (RBL) inviterte til "Snøscooterens dag" den første laurdagen i november utan snø!
Arrangøren hadde alt mot seg denne dagen. Ver og føre var lite egna for snøscooter, og koronareglar anbefalte ikkje stort oppmøte.
Det var likevel godt besøkt. God tilgang på handspriting og utstillingar i mange rom gav god avstand mellom folk.
Nybygg
RBL har hatt agentur på Lynx snøscooter i rundt 30 år.
- Så fekk vi agentur på Ski-Doo scooter og Can-Am ATV, og da måtte vi ha større plass både til utstilling og til lager, fortel dagleg ledar Jon Moen. - Det var faktisk eit krav frå leverandøren.
Utvidinga med kjøp og riving av deler av gamle Rindal Meieri for å få nye lokaler fekk ein problematisk start, men no går alt på skinner, fortel Moen.
I april 2021 skal nybygg på 750 kvm på eitt plan, med kjellar under, vere ferdig.
Lokale entreprenørar
Taket kjem på plass neste veke. Veggene er sandwichelement, ferdigisolert. Vibo er hovedentreprenør, med Alf Kvam, Bolme Kran & Transport, Nidaros Oppmåling, El-Co, Rørservice og Tørset Malerservice som underentreprenørar.
Det heile er finansiert gjennom Rindal Sparebank, så alt er lokalt!