ANNONSE:

Et bilde fra filmen Bad Boys 4

Surnadal kulturhus: Endeleg kino igjen!

På kinoen denne veka

Surnadal Kino var utsett for ein teknisk knock-out i eit par veker, men kjem hardtslåande tilbake frå og med onsdag 19. juni.

Bilde fra filmen 'Innsiden ut'

I INNSIDEN UT 2 (6-års-grense) møter vi Riley, tenåring med (for ho) overraskande mange kjensler inni hovudet – og nokre av dei er heilt skremmande nye. Disney/Pixar fekk velfortent Oscar for den første filmen om Riley, og NRK meiner film nr. 2 er «en nesten like vellykket blanding av humor, alvor og eventyr». Og «det viktigste av alt, er at den gjør det samme som de beste Pixar-filmene, nemlig å fortelle en historie som fungerer like godt for barn og voksne på ulike premisser» (5 på terningen).

Et bilde fra filmen Bad Boys 4
Will Smith and Martin Lawrence star in Columbia Pictures BAD BOYS: RIDE OR DIE.

I serien om BAD BOYS har Wilf Smith og Martin Lawrence no kome til film nr. 4 – RIDE OR DIE. Det er faktisk 29 år sia førstefilmen kom, så radarparet har ikkje vore for tettgangande på besøk. Oppskrifta er den same og ingrediensane er ein dæsj action og ein like fyldig dæsj komedie. NRK oppsummerer med at det gler eit actionhjarte at BAD BOYS: RIDE OR DIE «virkeleg innfrir med store mengder overdreven action med smell, trøkk og tyngde som sikrer en solid popkorn-faktor» (4 på terningen).

Desse to filmane vil gå i den komande veka, men ver obs! på at det ikkje blir kino fredag, grunna konsert på kulturhusplassen.

Sjå heile kinoprogrammet på Surnadal kulturhus si heimeside.

Powered by Labrador CMS