ANNONSE:

Ei dame som står på en teaterscene, med noe som ser ut som en bylt med et nyfødt barn i hendene.
Kjersti Sandal i Jordmor på jorda.

"Jordmor på jorda" tar Møre og Romsdal med storm – Rekordsal hos Teatret Vårt!

Teatret Vårt har premiere på den nye framsyninga "Jordmor på jorda" av Edvard Hoem 30. august, og skal besøke Nordmøre allereie i den første speleveka.

Fire år etter suksessen med "Slåttekar i himmelen" er Teatret Vårt tilbake med nok ei framsyning basert på Edvard Hoem sin slektskrønike. Med over 4000 billettar selde før premieren er denne framsyninga allereie ein stor suksess!

Ei rørande historie om mot og offer 

I "Jordmor på jorda" følgjer vi Marta Kristine Nesje, ei av dei første utdanna jordmødrene i Møre og Romsdal. Ho betalte ein høg pris for å følgje sitt kall. 

– Dette er ei forteljing om ei kvinne som følgjer kallet sitt og kjempar for overtydinga si, trass mykje motstand., seier teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag.

 – Jordmor på jorda handlar om mot, uthaldenheit og kjærleik til livet, og om den krafta som ligg i å ta imot det nye og ukjende med opne armar. Det er òg ei historie om nederlag, tap og botnlaus sorg. Og om å reise seg att, om å kome tilbake og om å stå i livet, uttalar teatersjef Lykkeslet Strømskag.

Henning Sommerro set sitt musikalske preg

Kjersti Sandal speler hovudrolla som jordmora Marta Kristine Nesje, medan Bjørnar Lisether Teigen spelar ektemannen Hans. Eit sterkt ensemble med Sara Fellman, Vivi Sunde, Lars Melsæter Rydjord, Vidar Sandem og Sigmund Njøs Hovind gir liv til karakterane frå boka. Regissør Morten Borgersen, scenograf og kostymedesignar Milja Salovaara er godt kjent for Teatret Vårt, og dei lover ei oppleving som sit i kroppen lenge etterpå. Vår eigen lokale komponist Henning Sommerro har skrive heilt ny musikk og bringer framsyninga nærmare Møre og Romsdal, naturen og menneska her i distriktet.

Forfattaren gler seg 

Edvard Hoem uttrykker si begeistring over den nye framsyninga. 

– Dette er gledeleg, det vart ein strålande suksess sist! Framsyninga skal vere eit sjølvstendig kunstverk, og eg har full tillit til dei som skal sette den opp, seier han. 

– Romanen er basert på historiske kjelder om livet til Marta Kristine Nesje. Ho levde i ei tid der prestane jobba målretta for å rekruttere egna kvinner inn i jordmoryrket. Målet var å redusere dødelegheit blant mor og barn. Etter å ha utdanna seg til jordmor, reiste ho rundt i distriktet for å bistå gravide og fødande. På vegen møtte ho mykje motstand. – Ho måtte gå til sak mot den tidas hjelpekvinner for å få rett til å utøve gjerninga. Etter kvart som dødstala gjekk ned, begynte fleire kvinner å ønske seg jordmor ved fødsel. Slik gjekk ho frå å vere forakta og utstøtt til å bli ein bygdehelt, fortel forfattaren.

Pionér med indre konfliktar 

Marta Kristine Nesje var ein pionér innan kvinnehelse, men ho møtte også store personlege utfordringar. Ho balanserte det krevjande jordmoryrket med rolla som mor til 11 barn, medan mannen Hans kjempa mot alvorleg psykisk sjukdom. 

– Ho sto i ein indre konflikt, som mange kvinner gjer også i dag, mellom yrkesliv og familieliv, seier forfattar Edvard Hoem.

Regissør Morten Borgersen fortel at framsyninga tek utgangspunkt i Marta Kristine Nesje sine refleksjonar over eige liv mot slutten av hennar levetid.

– I teaterstykket ser Marta Kristine tilbake på livet sitt saman med sitt første barn, dottera Ingeborg. Kva kunne vore gjort annleis, eller kanskje kunne ikkje livet hennar vore på nokon annan måte? Blei det slik ho trudde, og var det verdt det? Det er òg ei unik kjærleikshistorie mellom to menneske, Marta Kristine og Hans, som er sterkt knytte til kvarandre frå barnsbein av, men eit liv blir ikkje alltid slik ein har tenkt seg, seier Borgersen.

Framsyninga kan opplevast følgjande datoar:
Surnadal 3. september
Sunndal 4. september
Festiviteten Kristiansund 5. og 6. september

 Les meir om stykket på Teateret vårt si heimeside.

Kjøp billettar på Surnadal kulturhus si heimeside

Powered by Labrador CMS