ANNONSE:

Et sykehjem.
Surnadal sjukeheim.

Opning av turkassetrimmen «Stikk bort!»

Onsdag 30. april kl. 11.00-13.00 blir det opning av turkassetrimmen «Stikk bort!» i Surnadal.

Både bebuarar på sjukeheimen, omsorgsbustadane og dagsenteret, pårørande og andre innbyggarar blir da inviterte til ein tur om åtte svært nære og enkle turmål i området rundt sjukeheimen. To av dei åtte turmåla er endatil innandørs!

Oppmøtestad er Surnadal sjukeheim. Frivillige frå Surnadal Demensforening og helselag blir med og trillar turar med rullestol og vil elles hjelpe til der det trengs. Deltakarane må kle og sko seg etter vêret!

Kjøkkenet ved sjukeheimen stiller med forfriskningar etter endt tur.

Det er Surnadal demensforening og helselag og Surnadal kommune som står bak arrangementet.

«Stikk bort!», oppstod ved Surnadal sjukeheim for nokre år tilbake, men har no spreidd seg til fleire kommunar. Frå i år er Stikk bort! med som eitt av tilboda knytta til Stikk UT!. Sesongstart for Stikk bort! i Surnadal kommune er som for resten av Stikk UT! 1. mai, men dagen før blir altså publikum inviterte til å prøve ut konseptet og bli kjent med det.

En 'trimpost-kasse' av tre.
En 'trimpost-kasse' av tre.
En 'trimpost-kasse' av tre.
Ein innandørs post.

 

Powered by Labrador CMS