ANNONSE - Surnadal kulturhus:

Nye eventyr på kinoen
To norske filmar på kinoen denne veka, men først om ein skikkeleg klassikar:

BONNIE AND CLYDE er filmen om, og jakta på, Bonnie Parker og Clyde Barrow, eit gangstarpar som dreiv (mest) med bankran under depresjonen på 1930-talet i USA.
Filmen, som går onsdag 26. mars kl. 12, var nominert til heile ti Oscars og vann to. I rollene møter vi kjente stjerner som Faye Dunaway, Warren Beatty og nyleg avdøde Gene Hackman.

Norske ALT SKAL BORT handlar mest om tre søsken i førtiåra som skal rydde heimen etter faren. Det gjer det ikkje enklare at mora, som flytta tidleg frå familien da ho fann seg ein latinsk elskar, begynner å blande seg. Søskena vel å flytte inn i barndomsheimen for å gjera unna ryddinga fortast muleg, men det er ikkje til å unngå at fortida blandar seg inn, etter kvart som dei går gjennom tinga dei må vurdere om skal kastast eller ikkje. Kritikarane la seg på ein svak 5-ar i snitt (eller ein sterk 4-ar, om du vil).

Den andre norske filmen denne veka, DEN STYGGE STESØSTEREN, fekk enda eit par små knepp betre karakter. «Uvanlig frisk og freidig», konkluderte NRK og er mellom dei mange som hamna på 5 på terningen for denne mørke komedien. Det er Askepott-eventyret, sett frå søstera si side; ho som prinsen ikkje ville ha, men som var villig til å gjera det meste for å få han. 15-års-aldersgrense, så det er altså ikkje nokon Disney-versjon av eventyret.
Den får du, om du vil sjå SNEHVIT (aldersgrense 9 år; kan sjåast for dei ned til 6 år, om ein ansvarleg vaksen er med). Disneys nyversjon av den klassiske teiknefilmen, denne gongen med skuespelarar i ein «vanleg» film, er «sjarmerende sukkerspinn», etter kva NRK meiner. Dei gav filmen 4 av 6, men kritikarane har brukt det meste av skalaen da dei vurderte denne: frå 2 til 5 på terningen. Så ingen hjelp derifrå, uavhengig om du lit på dei eller ikkje.
Tider og meir omtale finn du på https://surnadal-kulturhus.no/