ANNONSE:

Den britiske Schindler

Steven Spielberg gjorde Oskar Schindler kjent gjennom si liste, men historia om engelske Nicholas Winton, og dei han redda, er ikkje så godt kjent. No blir den vist i Surnadal.

ONE LIFE er den sanne historia om «den britiske Schindler» som, trass i hard motstand frå uventa hald, får ut 669 jødiske ungar frå Tsjekkoslovakia rett før 2. verdskrig bryt ut – og om når han heilt uventa møter mange av dei att. 86 år gamle Anthony Hopkins spelar den eldre Winton.

«Et dypt rørende dokudrama», skriv Vårt Land om ONE LIFE, som filmklubben vil vise onsdag 16. oktober kl. 13.

Dag Johan Haugeruds DRØMMER går framleis på kino – både søndag 13. og onsdag 16. oktober. DRØMMER har vorte overflødd av gode kritikkar og handlar om tre generasjonar kvinner. Mest om 17-åringen som blir avstandsforelska i læraren sin, men også korleis mora (Ane Dahl Torp) og bestemora (Anne Marie Jacobsen) reagerer på dette: «Å sette seg ned for å se en Dag Johan Haugerud-film er den tryggeste opplevelsen filmnasjonen Norge har å by på. Du kan stole på at det blir bra. Og interessant.» Skriv VG – og det med rette.

Animerte figurer i en barnefilm.

Bankers er også familiefilmen DEN VILLE ROBOTEN, som går på same dagar som DRØMMER. For å sitere VG igjen: «Mesterverk for liten, mesterverk for stor.» Dreamworks har stått attom imponerande mange gode og varme animasjonsfilmar. DEN VILLE ROBOTEN er ikkje noko unnatak i så måte – her haglar det 6-arar og 5-arar på terningane.

Tre menn i en bil.

DEN SISTE REISEN – TILBAKE TIL RIVIERAEN vil bli vist frå tysdag av og er ein svensk dokumentar om pensjonerte Lars som, etter sonen si meining, får altfor lite ut av sine eldre år. Han tek difor Lars med seg på ei reise sørover for å sjå om han får att livsgnisten. Filmen har nådd eit stort publikum i heimlandet, og ser også ut til å gjera der her.

Her, https://surnadal-kulturhus.no/ , finn du når dei ulike filmane går.

 

 

 

Powered by Labrador CMS