Surnadal kulturhus melder:

Bob Dylan til Surnadal …kino
Frå romantisk western, via bleie-helt, og til prøvekanin i verdsrommet på Surnadal kino denne veka. Og så denne Bob Dylan, da…
Filmklubben viser den romantiske westernfilmen TIL VERDENS ENDE onsdag 12. mars kl. 12. Det er rett før den amerikanske borgarkrigen og danske Holger Olsen (Viggo Mortensen) har innvandra til landet. Der møter han Vivienne (Vicky Krieps), og dei to flyttar saman langt uti huttheiti i Nevada der han blir den lokale sheriffen og ho finn seg jobb i ein saloon. Så langt alt bra, men Holger må i borgarkrigen og Vivienne får utfordringar nok når ho blir att åleine i den lille hytta dei eig.

Det er sjeldan å finne nye westernfilmar, og enno sjeldnare med så gode kritikkar som denne frå 2024: «Nydelig, romantisk western» (Stavanger Aftenblad), «vakker, nyansert og brutal» (Dagens Næringsliv) og «mesterlig kjærlighetshistorie» (Cinema).

Det er vanskelegare å finne norske sitat på neste film: “Ikke alle superhelter har kappe – noen har bleie» fortel reklamen for den animerte actionkomedien SUPER-CHARLIE (6 år; dei under må ha med seg ein vaksen for å sjå). SUPER-CHARLIE er altså ein baby med superkrefter, skapt av den svenske forfattaren Camilla Läckberg, og han vil redde byen saman med storebroren sin. Lite norsk filmkritikk å finne om filmen altså, men vi får treff hos danske aviser: Superskurken «får tørre tæsk af spæd superhelt», fortel Information, og det – trur vi – lovar bra! Filmen vil gå gjennom heile veka.
Det er vel ikkje så godt å forstå riktig alt som Bob Dylan syng om heller, men kritikarane meiner i alle fall at filmen om han, A COMPLETE UNKNOWN (9 år), fortener fire, fem eller seks på terningen. A COMPLETE UNKNOWN handlar om den heilt ukjente 19-åringen som endrar amerikansk musikk for all ettertid. Nominert til åtte Oscars og med Timothée Chalamet (Dune) som Bob Dylan.

Apropos Oscar: Bong Joon Ho overraska alle med å vinne Oscar for «Parasitt», som var den første ikkje-engelskspråklege filmen som klarte den bragda (for beste film). Så no har han fått romsleg budsjett for å lage amerikansk film: MICKEY 17 handlar sjølvsagt om Mickey (Robert Pattinson; kjent for Batman, Twilight og slike). Og Mickey er litt slurvete og les ikkje stillingsannonsen godt nok, sjølv om han seier han har gjort det når han skriv under arbeidskontrakten. Stor feil! Skikkeleg stor feil! Effektfull science-fiction med alt frå tre til seks på terningen.
Siste film som går denne veka er BRIDGET JONES: MAD ABOUT THE BOY og tidene og meir omtale finn du ut ved å gå inn på https://surnadal-kulturhus.no/