ANNONSE - Surnadal kulturhus:
Underleg filmveke
Frå norsk storverk til stor entertainer framstilt som ape på kulturhuset denne veka.
KJÆRLIGHET går både på dagtid (som filmklubbfilm) og kveldstid onsdag 22. januar. Filmen er den tredje i Dag Johan Haugeruds trilogi SEX DRØMMER KJÆRLIGHET. Men filmane er berre tematisk i slekt, med kvar si uavhengige historie og rollegalleri. Ein treng difor ikkje å ha sett dei to andre for å sjå denne. Regissøren sjølv fortel at trilogen «kretser rundt begjær, identitet og lengselen etter frihet». Adresseavisen rangerte KJÆRLIGHET som den tredje beste filmen vist på kino i fjor og kalla den «et lavmælt norsk storverk».
Om du ser filmen på dagtid onsdag (kl. 12), kan du etterpå også få med deg gratisforestillinga GUNNAR PÅ MO (kl. 14.15) i foajeen på kulturhuset – med norske revysongar frå 1930- til 1970-talet.
Det blir ny filmklubbfilm laurdag 25. januar kl. 12, og denne gongen med science-fiction-klassikaren BLADE RUNNER. Harrison Ford jaktar på replikantar (menneskeliknande robotar) gjennom eit visuelt strålande bylandskap, tonesett av den dvelande filmmusikken til Vangelis.
Meir musikk: “Berre å finne på det”, kunne ein sagt og smilande rista lett på hovudet av BETTER MAN. Filmen er basert på den sanne historia om songar og entertainer Robbie Williams og er regissert av Michael Gracey («The Greatest Showman»). Så langt alt bra, for Gracey er god på musikalar og Williams sine opp- og nedturar er sikkert greit filmstoff. Men det er gjort ein vri; Williams er framstilt som (dataanimert) ape i filmen – og det skal visstnok fungere overraskande bra etter kva utanlandsk presse skriv (som The Guardian: «a bananas gamble that pays off»). Det er berre å følgje med på dei norske filmkritikarane fram til premieren fredag kveld.
Elles viser kinoen klassisk skrekkfilm, NOSFERATU, og sjarmerande bjørnefilm, PADDINGTON I PERU, denne veka – og tider finn du på https://surnadal-kulturhus.no