ANNONSE - Surnadal kulturhus melder:

Sprekt i Seniorfilmklubben

Haust er kinotid og Seniorfilmklubben inviterer til ellevill bryllaupsfeiring onsdag 25. september. Og, nei, vi skal ikkje til Geiranger.

Publisert Sist oppdatert

BRIDESMAIDS (2011) er nok ikkje ein film som vil skrive seg inn i filmhistoria med gullskrift. Til det er den nok for lite elegant. Men kvinnene i BRIDESMAIDS våga i alle fall å utfordre ein komisjanger som inntil da var dominert av såkalla «gutta-humor» – tenk på filmar som «Hangover».

Men kvinnene gjorde det på sitt vis. Og «dei» i denne samanhengen er mest Kristen Wiig, norskætta komikar som både var ansvarleg for manus og hovudrolle i filmen.

BRIDESMAIDS handlar om ein gjeng brudepiker/forlovarar som skal sørge for at venninna deira skal få ei bryllaupsfeiring ho ikkje kjem til å gløyme. Og dei lukkast, for å seie det slik …

Soldater i uniformer lik uniformer fra andre verdenskrig.
Frå filmen "Quislings siste dager".

QUISLINGS SISTE DAGER vil gå på Surnadal kino i helga og utover neste veke. Filmen har fått varierande kritikk, frå ganske middels til heilt topp, men besøket har vore bra over heile landet – og ingen norsk film har hatt ei så bra opningshelg dette året.

Animasjonsfilmen DEN VILLE ROBOTEN (6 år) er tilbodet til dei yngste. Filmen har premiere fredag (21.09) og er laga av same selskap som står attom filmar som «Shrek» og «Kung Fu Panda». NRKs meldar er begeistra og meiner dei har lukkast på nytt: «Dette er nemlig et friskt eventyr med sjarmerende figurer og et visuelt uttrykk av ypperste sort» (5 på terningen).

Billettar til seniorfilmklubben får du kjøpt her, andre kinobillattar her (Surnadal kulturhus si heimeside)

Powered by Labrador CMS