Surnadal kulturhus melder:

Are Sende Osen kjem til kulturhuset med "Kongerekka" i november.

Slik blir hausten på Surnadal kulturhus

Her kjem litt om dei fleste kulturopplevingane som kjem på Surnadal Kulturhus utover hausten.

24. september kjem førestillinga «Møte med Eiga Maske», som hentar tittelen frå eit kunstverk av Lars Gunnar Polden, bildekunster født og oppvaksen i Surnadal. Dette kunstverket er å finne i boka hans “Stengd inne mellom opne dører”, som heile konserten hentar inspirasjon frå. Lars Gunnar har delteke i større norske utstillingar som Haustutstillinga, Vestlandsutstillinga og Hordautstillinga. Arbeida hans har vore presentert frå tidleg 1970 i galleri over heile Norge og kunsten hans er kjøpt inn av mange prestisjetunge samlingar, inkludert Norsk Kulturråd og Oslo kommunes samlingar.

Musikken er spesialskriven for dette verket og kryssar grenser mellom ulike sjangrar, nøye tilpassa kvar utøvar si unike stemme og stil, og befinn seg ved skjeringspunktet mellom klassisk musikk, jazz og verdsmusikk, ein fusjon som speglar den komplekse vevnaden av menneskelege erfaringar og kjensler. Inspirert av biletkunstnaren si tiltrekking mot spanske målarideal og afrikansk kultur, blandar musikken inn element frå desse rike tradisjonane, skapar eit lydlandskap som er både kjent og utfordrande på same tid. Inger-Kristine Riber er pianist, komponist og tekstforfattar og har med seg Reidun Horvei, song og resitasjon, Arild B. Nielsen, trompet og Jøran Mjelde, filmfotograf.

5. oktober kjem danseforestillinga «Not My Bones», som er produsert og koreografert av Tendai Makurumbandi. «Not My Bones» inviterer oss til å reflektere over kroppens minner som verktøy for å forstå våre perspektiv, arv og identitet. Gjennom metaforen av skygger utforskar produksjonen korleis koreografen Makurumbandi brukar bevegelse for å samhandle med samfunnet. Framsynlinga utfordrar oss til å stille spørsmål ved samfunnets forventningar til våre kroppar, og omfavne vår eiga unikheit. Ved å viske ut grensene mellom fysikalitet og spiritualitet, blir vi oppfordra til å vurdere kva for lekser naturens mangfold kan lære oss. 

Tendai Makurumbandi, vinner av HEDDAPRISEN for Beste scenepresentasjon med "MY SONG," har ein mastergrad i koreografi frå Kunsthøgskolen i Oslo og ein bachelor i moderne dans frå National Ballet of Zimbabwe. Hans verk inkluderer "Silent Drum," "Nyami Nyami," og "Dis(placed) Shadows." Med utgangspunkt i si lange erfaring som utøvar, utforskar Makurumbandi skygger som ein metafor for motstand mot annleisheit og vev personlege og kollektive historier inn i eit mangfald av identitetar.

23. oktober blir det foredrag med journalisten Fredrik Græsvik. Foredraget har tittelen «En farlig verden - Er vi på vei mot stupet eller finnes det håp?» I dette foredraget set Fredrik lys på den internasjonale sikkerheitssituasjonen i verda akkurat no, med hovedfokus på Donald Trumps moglegheiter for gjenval, og kva det vil bety for USA og verda. Han fortel og om den dramatiske konflikta i Midtausten, og Russlands trussel mot Europa. 

Fredrik Græsvik

Sidan 1992 har verda vore Fredrik Græsvik sin arbeidsplass. Med hovudfokus på Midtausten og USA har TV 2s tidlegare utenrikskorrespondent opparbeidd seg heilt unik kunnskap om krigar, konflikter og internasjonal politikk. Han har vore tett på verdsleiarar og stått midt i historiske augblinkar. Han var der da den amerikanske kongressen blei storma i januar 2021. 

Under heile Trump sin første presidentperiode levde Fredrik Græsvik i USA. Frå sin base i Washington DC reiste han landet rundt i fem år for å forsøke å forstå kvifor amerikanske velgarar vil ha Donald Trump som president. Fem gonger besøkte han Trump i Det ovale kontor.

31. oktober og 2. november er datoane for høstens Svarrabærjeproduksjon, «ARMODgeddon». Her kan publikum bli med på eit lokalt, regionalt, tidvis nasjonalt og unntaksvis internasjonalt skråblikk på «current events»! For kva skjer eigentleg med prisen på handleposane? Korleis ser yrkesvegen ut i krigstid? Kvifor er skulen blitt så «woke»? Og kvifor i svarte skal BankID styre verda? Dette er blant nokre av spørsmåla som vil bli belyst.

14. november er det duka for Linda Eide og Sjur Hjeltnes som serverer en godbit av dei sjeldne: «Fosse for dumskallar», eit humørfylt og spanande møte med nobelprisvinnaren Jon Fosse.

- Dette er noko så sjeldan som ei lys og lett Fosse-forestilling, seier Linda Eide.

- Vi serverer forteljingar, analysar og anekdotar om verdas første nobelprisvinnar med nynorsk som hovudmål. Ei slik framsyning høyrer naturleg heime i verdas nordlegaste nynorskkommune, Surnadal!

Parhestane Linda Eide og Sjur Hjeltnes er godt kjent, mellom anna frå «Eides språksjov» på NRK. No har dei gått den store forfattaren etter i saumane: Kven er Jon Fosse, kva skriv han, korleis skriv han? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Kva var det eigentleg som skjedde da mannen som aldri skulle skrive for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar?

- Og ikkje minst: Er Fosse så forbaska utilgjengeleg som folk skal ha det til? Linda Eide spør. Og svarar sjølv, i Storstuå 14. november.

Are Sende Osen.

Fredag 29. november kjem Are Sende Osen frå NRK til Surnadal kulturhus for å fortelle høydepunkt frå suksess-podkasten Kongerekka. Kongerekka er historia om alle dei norske kongane. Den begynner med Harald Hårfagre, som samla heile Norge til eitt rike, på grunn av ei dame. Deretter går det- bokstaveleg talt- slag i slag bortetter. Dette er vår «Game of thrones»- for verkelegheita frå historia om de gamle norske kongene har alt Game of Thrones har: Intriger, sex, brodermord og store slag- berre ikkje riktig så mange dragar. 

Are Sende Osen fortel uhøgtideleg, lett og underhaldande, men det han seier stemmer. Det vil og bli tid til ein del lokalstoff. Den mektige Mørejarlen Ragnvald herska over (mellom anna) Surnadal på slutten av 800- tallet. Han var kong Harald Hårfagre sin viktigaste støttespelar, beste venn, og kongens personlege stylist. Han er stamfar til det engelske kongehuset, og dermed og kong Harald den 5. Foredraget varar ca 60 minutt, deretter åpnar Osen for spørsmål eller kommentarar fra salen. Det bruker å bli riktig artig.

Kongerekka er blitt utroleg godt motteke og nærmar seg no 6 millionar nedlastingar. Det har også blitt tre bøker og eit TV- program med utgangspunkt i serien. Osen har halde foredrag om Kongerekka på bibliotek, kulturhus, skular, eldreheimar, vikingfestivalar, middelalderfestivalar, kulturnetter, Stiklestad, Stortinget og slottet. Kongerekka blei totalt fire sesongar og 43 episodar, som endte med det kongehuset vi har i dag. Da har han teke for seg over 67 kongar, fra Harald Hårfagre som samla landet gjennom makt, vald og tvang, til dagens konge, Harald 5, som er utan særlig formell makt, men samlar landet gjennom ord og handlingar.

Kongerekka passar for deg som ikkje visste at du er interessert i historie, for deg som er det, og for alle som likar å høre gode historier!

Merry Fu**ing Christmas 2023.

Fredag 6. og laurdag 7. desember går SKUV sitt populære juleshow, Merry Fu**ing Christmas, av stabelen. På programmet står alt fra Ed Sheeran og Elton John til Joe Bonamassa og Wheatus, så her blir det annleis julemusikk for ein kvar smak!

I år får du og sjå fire nye, råsterke og sjølvsagt lokale ansikt entre MFC-scenen i Storstuå: Toril Moe har i ei årrekkje vore ein av regionens beste vokalistar, og både ho og dei rågode talenta Ellen Svendsen Fiske og Pål Sæther blir å sjå i Storstuå i desember, i tillegg til den eminente bassisten Sondre Skogseth, som og får sin debut i Merry Fu**ing Christmas-sammenheng.

Dei fire nye tilskota får med seg MFC-travarane Øystein Hjelle Bondhus, Karstein Mauset og Gunn Astrid Hove i eit seks mann sterkt vokalensemble, samt eit band av topp klasse, saman med Brage Kristian Einum og Rolf Paulsen på tangentar, Olav Nergård Tørset på slagverk og Ola Langli på gitar.

Dansekompaniet fra Surnadal og Rindal kulturskole er som alltid med på å heve forestillinga, og det same gjer tre lokale humoristar i eliteklassen: Innimellom songane blir det nemleg gjensyn med trioen Line Indergård, Håkon Solem og Eirik Nordvik.

SKUV har med Merry Fu**ing Christmas oppretta ein tradisjon med å lage ei juleforestilling med eit litt annleis innhald enn det klassiske julerepertoaret. Jula er ei høgtid for rausheit og inkludering, og dette gir naturlegvis og rom for julekonsertar og -show i dei fleste former. Her får vi både kjente og litt meir ukjente juleklassikarar, og med humoristiske skråblikk undervegs satsar vi på ein laus og ledig halvannan time med topp juleunderhaldning. For folk som skal på julebord desse kveldane er dette eit utmerkt vorspiel, men forestillinga er naturlegvis åpen for dei som ikkje skal på julebord og.

Alt overskudd går, som alltid, uavkorta til SKUV sitt arbeid med å bygge opp ein arena for lokale kulturutøvarar.

Billettsalget til Merry Fu**ing Christmas, startar 15. september.

Kino:

13. september er det premiere på den nye norske storfilmen «Quislings siste dager». Dette blir nok ein av dei store publikumsattraksjonane på kino denne hausten. I tillegg kjem og ein spenningsfilm om Gunnar Sønsteby «Nr 24», i tillegg til mykje godt for både born og vaksen. Slik ser hausten ut, fleire filmar kjem også til å kome etter kvart:

13.09 Quislings siste dager

02.10 Joker: Folie à Deux

30.10 Nr. 24 (krigsfilm/drama/spenning)

01.11 Jul med Astrid Lindgren

08.11 Askepote (julefilm - barn)

08.11 Tre menn til Vilma (norsk dramakomedie)

15.11 Gladiator II

29.11 Vaiana 2 (familiefilm Disney)

18.12 Mufasa: Løvenes konge (familiefilm Disney)

20.12 Sonic The Hedgehog 3 (barn/familie)

25.12 Team Havnaa (norsk drama)

Powered by Labrador CMS