ANNONSE: Surnadal kino
Den mørke årstida på kinoen
…gir deg også fleire grunnar til å gle deg til jul!
I filmklubben er Morgan Freeman og Brad Pitt på jakt etter ein seriemordar i SEVEN (eller SE7EN, som den også blir nemnt som). Dei finn ikkje noko motiv med ein gong, men forstår ganske kjapt at drapsmannen blir motivert av gamle skrifter.
SEVEN er ein mørk thriller laga av David Fincher, også kjent for filmar som «Fight Club» og «Gone Girl». Før filmen blir det ein presentasjon av noko ein mistenker Fincher har vore inspirert av da han laga denne moderne klassikaren frå 1995.
Litt andre tider for filmklubbfilmen denne gongen, grunna krasj med anna arrangement. Vil du ha med deg introduksjonen, startar den kl. 12, medan filmen startar kl. 12.30 – og dag og dato er onsdag 20. november.
«Gladiator» (2000) kan vel også reknast som ein klassikar og no kjem ein slags oppfølgar av denne. GLADIATOR 2 er laga av same regissør, snart 87-år-gamle Ridley Scott, og få har ei lengre skryteliste etter seg enn han («Alien», «Thelma og Louise» «Blade Runner», «Black Hawk Down» osv.). Og Ridley har ikkje tenkt å ta ut AFP, eller anna pensjon, for han har 18 nye prosjekt på gang.
GLADIATOR 2 (15 år) skal visstnok vere berre litt dårlegare enn førstefilmen, og får jamt over 4 eller 5 på terningen. NRK er av dei mest gåvmilde og meiner «filmen er god nok til å kunne underholde blodtørstige horder med voldsom dramatikk og forrykende kamper» (5 på terningen). Så da er det berre for dei hylande hordar å møte opp!
Hyling, om enn av anna slag, kan det også bli på TERRIFIER 3 (18 år, absolutt grense) og SMILE 2 (15 år). Begge må reknast som skrekkfilmar, så smilet kan nok størkne i kinomørket.
Det blir også meir positive gjensyn. Som julefilmen TRE MENN TIL VILMA (9 år), og dei norske animasjonsfilmane JUL MED ASTRID LINDGREN (for alle) og ASKEPOTE (6 år).
Meir om filmane og forestillingstider finn du på https://surnadal-kulturhus.no/