ANNONSE: Surnadal kino
Snurrig i Surnadal
Men også eit gjensyn frå Løvenes Konge på kinoen denne veka.
Regissør Wes Anderson er ein underleg skrue som har skapt sitt eige filmunivers, med gjennomført fargebruk, iscenesetting og snodige folk i enno meir snodige situasjonar. THE GRAND BUDAPEST HOTEL er kanskje den meste vellukka av filmane han har gjort og filmen vann fire oscars. Onsdag 18. desember kl. 13 opnar dette snurrige hotellet sine dører og der er det gratis inngang for alle som har vore på filmklubb i haust.
Onsdag er også dagen for eit anna slags gjensyn – MUFASA: LØVENES KONGE (9 år). Og da går vi sjølvsagt attover i tid og møter Mufasa, da som ein bortkomen løveunge, som blir kjent med den kongelege arvingen Taka. Saman fer dei ut på ei reise av den ikkje altfor lette sorten. Teknisk sett briljant, og så får vi sjå kva kritikarane skriv når det nærmar seg premieredatoen.
Kritikarane var i alle fall ikkje heilt i festhumør da dei trilla terning over KRAVEN THE HUNTER (15 år), historia over ein av dei mest kjente skurkane i Marvel-universet. Kraven, som har eit noko slitsamt forhold til sin far (spelt av Russel Crowe), har som mål å bli den mest frykta jegeren i verda. Men enkelte kritikarar let seg altså tydeleg nok ikkje skremme og trilla til to på terningen.
Ny premiere fredag: SONIC THE HEDGEHOG 3 (9 år). Superpiggsvinet er tilbake, og denne gongen fresar han visstnok innom Innerdalen, Rauma og Sunnmøre i eit heseblesande tempo. For han er nok ikkje først og fremst ute etter å søke naturens ro – denne spinnville karen må nemleg kjempe mot eit piggsvin med krefter ein aldri har sett før.
Elles blir det «gjenhør» med WICKED (9 år, originalversjonen) tysdag og torsdag, og gjensyn med VAIANA 2 (6 år) søndag 15. desember.
Tider og meir om filmane finn du på https://surnadal-kulturhus.no