ANNONSE:

Animerte sauer i en bil

Kulturhuset og biblioteket i jula

Det blir sjølvsagt spesielle opningstider denne jula også – og spesielt mange julefilmar på kinoen.

Åpningstider i jula på Surnadal kulturhus og biblioteket

Opningstidene for bibliotek og kulturhus varierer – om ein ser bort frå jul- og nyttårsaftan, samt 1. jule- og 1. nyårsdag. Da er huset stengt. Ein viser til biletet for dag-til-dag-tider.

Surnadal kino vil vise film til og med lille julaftan og i heile romjula. Før julehøgtida vil AQUAMAN AND THE LOST KINGDOM dominere. Og det er som det alltid har vore; dei som likar filmar frå Marvel-universet vil nok ha med seg denne også. Og dei andre er sikkert heime og pyntar til jul.

En filmplakat med en mann under vann

AQUAMAN dukkar, bokstaveleg talt, opp onsdag 20. desember og held seg flytande til og med lille julaftan, samt sånn snarast i romjula. Onsdag 20. er det lagt inn eit siste møte for kinogjengarane med WONKA.

BUKKENE BRUSE PÅ BADELAND vil bli vist fem dagar i romjula. Den litterære suksessen til Bjørn F. Rørvik og illustratør Gry Moursund kjem no som teiknefilm og det ligg an til 70 heseblesande minutt med dette oppdaterte eventyret.

KONVOI, norsk krigsfilm, blir også vist i romjula, men det blir berre på torsdag 28. desember. Men filmen blir vist til gangs først på januar, både på dag- og kveldstid.

Grunnen til at det blir lite plass til KONVOI er at det blir vist gratis film to dagar i romjula: Onsdag 27. desember spanderer Surnadal kommune på alle barn og unge ei forseinka julegåve med BUKKENE BRUSE PÅ BADELAND kl. 13 og AQUAMAN-filmen kl. 15. Vil du på den første, kan du hente deg fribillettar i resepsjonen – så lenge ein har. «Først til mølla» gjeld også for den andre, men her blir det ikkje lagt ut billettar på førehand. Det er berre å sette seg i kinosalen – så lenge det er plass.

Fredag 29. desember er det Surnadal IL Barneidrett som har fått med seg Svorka og Sparebank1 Nordmøre på å tilby fribillettar til to forestillingar med BUKKENE BRUSE PÅ BADELAND; ei kl. 13 og ei kl. 15. Det same gjeld her; du kan vende deg til resepsjonen og få fribillettar på førehand – heilt til dei eventuelt går tomme.

Powered by Labrador CMS