Åsskard søndag

Mariadag med årsfest
Åsskard feirar Maria Bodskapsdag med dåpsgudsteneste, årsfest og tilbakeblikk på eit fint kyrkjeår 2024.
Maria-dagen med framtidshåp og lovnader er eit lyspunkt i fastetida. Det vil prege tekster og songar i messa - denne gong leia av Torbjørn Brøske.
Takk for stor gåve
- Og så viser vi kva vi har kjøpt for gåvemidlane etter Sigrunn Bævre si gravferd i fjor, seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen.
- Nytt antependium, eller forheng, til altaret er nettopp montert. Og to flotte lysestakar til evangelieprosesjon vil prege gudstenestene i framtida.


Soknerådet uttrykkjer stor takk til familien Bævre og til Jorunn Heggset, som har sydd antependiet. Ein takk går også til Svanhild Bævre, som har stelt og vaska den kvite, vakre duken frå 1993 som ligg over altaret.
Kyrkjeliv – «eit under»
Sidan kyrkjelydens årsfest er lagt til bodskapsdagen, vil tekster og songar markere både dåpen, Marias liv, Jesus-håpet og aktivt kyrkjeliv i vår tid. Gudstenesta munnar difor ut i den visjonære salmen «Guds menighet er jordens største under». På salmelista står 799, 591, 638, 691, 131 og 536.
Middag og tilbekeblikk
Kaffen denne søndagen er utvida til middag for alle - med påfølgjande glimt av kyrkjelivet i Åsskard i 2024. Attåt kort årsmelding og rekneskap vil ein biletserie gi gjensyn med av barnearbeid, konfirmantaktivitet, gudstenester, hobbytreff, musikkliv og mykje anna.


ANNONSE:
