Åsskard sokneråd inviterer:

Ei smilende dame med innsamlingsbøsse foran ei kirke.
Som ofte før inviterer soknerådsleiar Eva til treff og servering.

Hygge og hobby i Kyrkjestua

Kyrkjestua i Åsskard er eit fint rom til samver av mange slag. Torsdag inviterer soknerådet til hyggekveld og hobbyaktivitet.

Publisert Sist oppdatert

- Ta med deg strikketyet og anna handarbeid, eller berre kom! seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen. Som alltid ivrar ho for aktiv bruk av kyrkja si.

Denne gong har soknerådet invitert kort-kunstnaren Gerd Anny Gjengstø. Ho kjem med utstyr og idear til korleis ein lagar eigne, personlege kort. 

- Med Gerd Anny som instruktør og inspirator kan du forme dine eigne kort for bursdag, dåp og bryllaup eller som dekorasjon til jul og påske, seier Eva Jorid.

Hygge- og hobbykvelden i Kyrkjestua startar i halvsju-tida og blir avslutta med god kveldsmat i godt lag.

En mann som hjelper barn med arbeid med papp og papir, kortlaging eller lignende.
Instruktør Gerd Anny Gjengstø – her på juleverkstedet med dei yngste i haust.
Powered by Labrador CMS