Leik skaper kontakt og kunnskap. Her handlar det om dokkedåp! Frå ein tidlegare Barnas Kyrkjekveld i Åsskard.

Barnas Kyrkjekveld i Åsskard

Tysdag kveld inntek 4-, 5- og 6-åringane Åsskard-kyrkja. Men kva er «Barnas Kyrkjekveld» for noko?

Publisert Sist oppdatert

- Vi både vil og skal gi dei døypte eigarskap til kyrkja si og det som skjer der, seier Åsskard sokneråd, som er kveldens vertskap. - Og det er mykje! føyer dei til.

Leik skal prege denne kveldstimen. Ungane får lov til å bruke utstyret i kyrkja. – Så det kan nok bli både klokkeklang og orgeltonar, dokkedåp og detektivoppgåver, trur vertane.

Forteljinga om da Jesus kom bort frå foreldra sine, blir eit lite stykke barneteater. Små songar og høgtideleg lystenning hører med. Fargeoppgåver ligg også klare.

Mange av 5- og 6-åringane har vore på slik kveld før. Så dei er ekspertar og kan vise 4-åringane mykje! Og i gudstenesta 10. november får nettopp 4-åringane si eiga «Kyrkjebok» i gåve!

Timen i kyrkja blir avslutta med mat og drikke for både små og store.

Ei barnetegning av ei kirke.
Her har 6-åringen Mari for nokre år sidan teikna kyrkja si.
Powered by Labrador CMS