Kyrkja i Surnadal
Arrangerer «drop-in-bryllup» i Øye kyrkje på Valentinsdagen
Onsdag ettermiddag inviterte kyrkja i Surnadal, representert ved kyrkjeverje Tor Rune Halset og sokneprest Pål Arne Winsnes, til eit lite pressetreff på Kyrkjelydshuset på Skei, for å fortelje litt om kva for aktivitetar som går føre seg i kyrkja sin regi no om dagen.
Det er lett å tenke at kyrkja, det er gudsteneste det, og ikkje noko meir. Men kyrkja driv med mykje meir og er også ein viktig aktør i det frivillige arbeidet i kommunen.
"Drop-in-bryllup"
Den største nyheita denne onsdagen var nok likevel at det på Valentinsdagen fredag 14. februar, i tidsrommet frå klokka 13:00 – 16:00, vil vere "drop-in-bryllup" i Øye kyrkje. Akkurat denne dagen treng ein ikkje ein gong å bestille time for å gifte seg, det er rett og slett berre å møte opp i kyrkja!
Så går ein med planer om å gifte seg, ja, da er det berre å "droppe" opp i Øye kyrkje denne dagen, for enklare enn dette blir det ikkje!
Her vil det vere både prest og organist, så for den som vel å "droppe innom" for å gifte seg denne dagen, så blir det ein skikkeleg fin og minnerik seremoni, lovar både Winsnes og Halset.
– Men den som vil gifte seg under "drop-in-bryllup" må sjølvsagt ha med seg den såkalla prøvingsattesten, som er eit absolutt vilkår for å kunne inngå ekteskap, understrekar Halset.
Meir om prøvingsattest og innsending finn ein på skatteetaten.no/skjema/provingsattest. Det tek rundt ei veke å få ein slik attest, så ein har ikkje god tid før den 14!, legg han til.
Både Halset og Winsnes håpa at det "droppar innom" nokon som vil gifte seg denne dagen.
– Ja, blir det lang kø, ja, da held vi på til vi er ferdige uansett kva klokka blir, seier Halset med eit håpefullt smil.
– Forskjellen på borgerleg og kyrkjeleg vigsel er at ved ein kyrkjeleg vigsel så ber ein for brudeparet, så ein kan trygt seie at Gud er med hele under heile seremonien, seier Winsnes.
Generelt om «drop-in-bryllup» i Den norske kyrkje
Den norske kyrkja har i lengre tid hatt tilbod om «drop-in-bryllup» i mange av kyrkjene sine. Om ein ønsker eit «drop-in-bryllup», er det berre å ta kontakt med det lokale kyrkjekontoret der ein vil gifte seg for å avtale dato og tid.
Det er mogleg å gifte seg i dei aller fleste kyrkjene, og vigselen er gratis om ein gifter seg i ei lokal kyrkje.
«Drop-in-bryllup» er ein heilt enkel seremoni i kyrkja, og det er mogleg å gifte seg dersom minst ein av brudeparet er medlem av Den norske kyrkja.
Kyrkja mykje meir enn berre gudstenester
Halset og Winsnes er opptekne av at kyrkja si verksemd skal visast i lokalsamfunnet. Difor kunne dei under pressetreffet onsdag fortelje at det foregår mange aktivitetar på Kyrkjelydshuset på Skei gjennom ei veke. Mange av desse aktivitetane er opne for alle.
– Her er det foreksempel babysong, samtalegrupper både for kvinner og menn, konfirmantundervisning, korøvingar og "felles middag" ein gong i månaden, fortel Halset.
Han kunne også fortelje at organist Amund Velde vil prøve å dra i gang eit kor for pensjonistar i februar.
Som vi ser så er det mykje meir enn berre gudstenester som foregår i regi av kyrkja i Surnadal. Vil ein finne ut meir om kva som verkeleg går føre seg, så kan ein besøke surnadal.kirken.no.