ANNONSE: Vårsøghelga
Programforandring og familiedag
Vårsøghelga opplyser om programforandring på konserten på Surnadal Billag fredag 24. mai kl 21.00. Eit av medlemmane i bandet The Young Suffering Ensembla, har fått ei rolle i ein større internasjonal film, så derfor må vi dessverre opplyse om at The Young Suffering Ensembla ikkje kjem på årets Vårsøghelg. Vi har forståing for at Hollywood trumfar Vårsøghelga denne gongen, men vi har ein intensjonsavtale med dei om at dei kjem til Surnadal og Vårsøghelga i 2025.
I ei helsing til oss skriv dei: "Vi i The Young Suffering Ensembla er virkelig lei oss for å måtte avlyse konserten vår. Vi hadde gledet oss stort til å komme til Surnadal og være en del av Vårsøghelga. Vi håper vi får mulighet til å prøve igjen i 2025! Kjærleik.»
Charlotte Audestad med band
Vi er veldig glade for at vi har klart å finne ein svært god artist som erstattar. Charlotte Audestad med sitt band har takka ja til å kome til Vårsøghelga og Surnadal Billag fredag 24. mai. Charlotte Audestad opprinneleg frå Hitra har blitt ein av våre mest folkekjære artistar. Audestad er eit verbalt unikum, og har ein kvinnestemmes skråblikk på hverdagen og dens utfordringer, med et enormt teksttalent og munnrapp humor. Charlotte gjør sterke, intime og humørfylte opptredener. Hennes musikk rører deg i hjarte, mage og hode!
Kvelden på Surnadal billag inneheld allerede konsert med Røv Mølle og Harpreet Bansal-band kl 18.00, Gøran Bolme og Charlotte Audestad kl 21.00, og vinylpub med Ole Magne Ansnes etter at konsertene er ferdige. Ole Magne har med seg plater med norsk og nordmørsk rock og popmusikk, som skal snurrast langt uti vårnatta. Åpen bar heile kvelden.
Familiedag på kulturhustorget
Lørdag 25. mai fra kl 10.00 til 12.00 blir det familiedag på Skei. Vi får besøk av Bjørnis, som vil danse Bjørnisdansen med alle ungane og 3 profesjonelle sjonglørar i gruppa Circoyas frå Trondheim/Peru. Dei kjem med eit spektakulært sjongleringsshow. Primus motor for gruppa David Piscoya har bl.a verdsrekorden med å sjonglere lengst tid på ein høg einhjula sykkel.
For å sette stemningen på familiedagen, kjem TrollheimsBrass å spelar lystige tonar før Bjørnis og Circoyas sett i gang. Det blir kiosksalg.