Vårsøghelga 2025
Første artistar er klare
Vårsøghelga fyller 30 år i 2025. Under jubileumshelga vil vi mellom anna invitere tilbake artistar som har gjort minneverdige konsertar opp igjennom åra. Det har kome inn ønske frå mange om ein ny konsert med Famntak på Surnadal Billag. Gjengen i Famntak har takka ja, så dei står på scenen på Surnadal Billag fredag 23. mai. Dette skriv Vårsøghelga i pressemelding onsdag.
Famntak ga ut dei to albuma «Famntak» og Leirfivellandet i 2003 og 2006, og turnerte rundt omkring i landet med dei to platene. Famntak sine konsertar er kjent for å ha humor, høg musikalsk kvalitet og spontanitet, ispedd ein stor dose sjølvironi og lokalpatriotisme. Tone Søyset Døving, Trygve Brøske, Anders Larsen og Jostein Ansnes i Famntak har alle eit sterkt og godt forhold både til Surnadal og til Vårsøghelga, og gler seg stort til ein reunion, artige samtalar i bar-køen og stor stemning på Surnadal Billag.
Det vil også bli fleire artistar på konserten på Surnadal Billag, som blir presentert seinare i vinter saman med resten av programmet for Vårsøghelga 2025.
Billettsal på Surnadal kulturhus
https://surnadal-kulturhus.no/kulturprogram/