Portrettbilde av ei dame.
Torsdag og fredag kjem Linda Eide til Surnadal og Sunndal med «Fosse for dumskallar».

Linda Eide klar for Surnadal og Sunndal

Publisert

Både Surnadal og Sunndal kulturhus får storfint besøk: Linda Eide og Sjur Hjeltnes kjem med den bejubla forestillinga «Fosse for dumskallar» 14. og 15. november.

Visste du at nobelprisvinnaren Jon Fosse ville bli lastebilsjåfør?

Dette og mykje anna blir avslørt i den humørfylte forestillinga, der Linda Eide står for praten og Sjur Hjeltnes for musikken, slik vi kjenner dei frå «Eides språksjov» på NRK.

- Surnadal er verdas nordlegaste nynorskkommune. Da må vi sjølvsagt dit med framsyninga om verdas første nobelprisvinnar med nynorsk som hovudmål, seier Linda Eide.

- Så håpar vi sterkt å treffe nokon heime på Sunndalsøra òg. Dei skal få noko så sjeldan som ei lys og lett Fosse-forestilling.

En mann og ei dame på scenen, med en stor skjem med bilder bak seg.
Linda Eide og Sjur Hjeltnes på scena med Jon Fosse – sistnemnte via skjerm.

Publikum vil få servert mange sider av Jon Fosse: Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkjøring?

I «Fosse for dumskallar» får publikum oppleva det sprudlande samspelet mellom musikaren Sjur Hjeltnes og ordkunstnaren Linda Eide. Her er det glimt i auget frå første tone. Eller som Linda Eide sjølv seier:

- Dette er dumskallanes inngangsbillett til Fosseriket!

Ei dame som sitter i en stol og slår ut med hendene.
Linda Eide lovar noko så sjeldan som ei lys og lett Fosse-forestilling.

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS