Surnadal Kulturhus
Frittalande gjester
Buktalar Erik Mogeno kjem til Surnadal kulturhus laurdag 6. april med ein gjeng pratesjuke og frittalande gjester.
Showet «Livet med dukker» hadde premiere i 2022 og
har vore spelt rundt i landet det siste året. Erik tek med publikum på 75
elleville minutt med snodige karakterar, fengande musikk, artige tekster og
humor som treff både ungar og vaksne. Showet passar for alle frå 6 til 106
(eller 126 også, for den saks skuld).
Erik Mogeno har gjennomført over 3000 show, trass i at han berre er 31 år. Gjennombrotet kom med finaleplassen i Norske Talenter i 2010, og han har levd av buktaling og humor sia da.
Erik Mogeno er ikkje den einaste som kjem til kulturhuset i april. Det skal vere fleire opne møte og foredrag; biblioteket får t.d. besøk av den prislønte forfattaren Brynjulf Jung Tjønn 16. april. Surnadal hornmusikk, Surnadal skolekorps og Sunndal musikkforening inntek Storstuå 14. april. Det blir meir musikk, og i alle fall song, når Teatret Vårt kjem med «Norsk sangbok» 20 april. Og til sist er stand-up-komikar Ørjan Burøe «Sjalu» i sitt show 27. april.